Verktøylinje for medieavspeling

Opna verktøylinja for medieavspeling

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Verktøylinjer → Medieavspeling.


Opna

Opnar ei filmfil eller ei lydfil som du vil førehandsvisa.

Bruk

Set inn gjeldande filmfil eller lydfil som eit medieobjekt i det gjeldande dokumentet.

Spel

Spelar av den gjeldande fila.

Pause

Set avspelinga på pause eller held fram vidare avspeling av den gjeldande fila.

Stopp

Stoppar avspelinga av den gjeldande fila.

Gjenta

Gjentar avspelinga av den gjeldande fila.

Demp

Slår lyden av og på.

Glidebrytar for volum

Juster volumet.

Vis

Juster storleiken på filmavspelinga.

Glidebrytar for plassering

Flytter til ein annan stad i fila.

Støtt oss!