Java-plattformstøtte

LibreOffice kan bruka Java-plattforma til å køyra program, miniprogram og komponentar som er baserte på JavaBeans-arkitekturen.

Du må installera køyremiljøet til Java 2 frå Sun Microsystems for at LibreOffice skal kunna bruka Java. Då LibreOffice vart installert, fekk du spørsmål om å installera desse filene dersom dei ikkje allereie var installerte. Du kan òg installera dei no om det trengst.

Støtte for Java-plattforma må slåast på i LibreOffice for å kunna køyra Java-program.

Merknadsikon

Før du kan bruka ein JDBC-drivar, må du leggja til klassestien han har. Vel → LibreOffice → Avansert og klikk på knappen «Klassesti». Start om att LibreOffice etter at du har lagt inn informasjonen om stien.


Merknadsikon

Dei endringane du gjer i fana → LibreOffice → Avansert vert brukte sjølv om den virtuelle javamaskinen (JVM) allereie er aktiv. Viss du endrar på ClassPath (klassestien) må du starta LibreOffice på nytt. Dette gjeld òg for endringar i → Internett → Mellomtenar. Det er berre dei to felta «HTTP-mellomtenar» og «FTP-mellomtenar» og portane som høyrer til som ikkje krev omstart. Dei vert tekne i bruk med ein gong du trykkjer OK.


Støtt oss!