Punktredigeringslinja

Linja Rediger punkt kjem fram når du merkjer ein mangekant og trykkjer påRediger punkt.

Desse funksjonane lèt deg redigera punkta i ei kurve eller eit objekt som er gjort om til ei kurve. Dei følgjande ikona finst:

Rediger punkt

Med ikonet Rediger punkt slår du på og av redigeringsmodusen for Bézier-objekt. I redigeringsmodus kan du velja enkeltpunkt i teikneobjektet.

Ikon Rediger punkt

Rediger punkt

Flytt punkt

Slår på ein modus der du kan flytta punkt. Musepeikaren viser ein liten, tom firkant når han er i ro over eit punkt. Dra punktet til ein annan posisjon. Kurva på begge sider av punktet følgjer rørsla og delen av kurva mellom dei neste punkta endrar form.

Peik på kurva mellom to punkt eller i ei lukka kurve og dra med musa for å flytta heile kurva utan å endra på forma.

Ikon Flytt punkt

Flytt punkt

Set inn punkt

Slår på innsetjingsmodus. Denne modusen lèt deg setja inn punkt. Du kan òg flytta punkt på same måten som i flyttemodusen. Du set inn eit punkt ved å trykkja på kurva mellom to punkt og og flytta musa litt medan du held nede museknappen. Punktet er eit jamt punkt og linjene til kontrollpunkta er parallelle også ved flyttinga.

Dersom du vil laga eit hjørnepunkt, må du først setja inn eit mjukt eller symmetrisk punkt. Etterpå kan du gjera det om til eit hjørnepunkt med funksjonen Hjørnepunkt.

Ikon Set inn punkt

Set inn punkt

Slett punkt

Bruk ikonet Slett punkt til å sletta eitt eller fleire valde punkt. Du kan velja fleire punkt samtidig ved å halda inne Shift-tasten.

Vel først dei punkta som skal slettast før du trykkjer på dette ikonet. Du kan òg trykkja på Delete-tasten.

Ikon Slett punkt

Slett punkt

Del kurve

Ikonet Del kurve deler ei kurve. Merk punktet eller punkta der du vil dela kurva, og trykk på dette ikonet.

Ikon Del kurve

Del kurve

Gjer om til kurve

Gjer om ei kurve til ei rett linje eller ei rett linje til ei kurve. Dersom du vel eit enkeltpunkt, vert kurva før punktet gjort om. Om du vel to punkt vert kurva mellom punkta gjort om. Dersom du vel fleire enn to punkt, vert ein ny del av kurva gjort om kvar gong du trykkjer på dette ikonet.Dersom det er nødvendig, vert runde punkt gjorde til hjørne og hjørne til runde punkt.

Dersom ein del av kurva er bein, har sluttpunkta høgst eitt kontrollpunkt kvar. Dei kan ikkje gjerast om til runde punkt utan at den rette linja vert gjort om til ei kurve.

ikon Konverter til kurve

Gjer om til kurve

Hjørnepunkt

Gjer om dei valde punkta til hjørnepunkt. Hjørnepunkt har to flyttbare kontrollpunkt som er uavhengige av kvarandre. Difor går ikkje ei kurva linje rett gjennom eit hjørnepunkt, men formar seg som eit hjørne.

Ikon Hjørnepunkt

Hjørnepunkt

Mjuk overgang

Gjer om eit hjørnepunkt eller eit symmetrisk punkt til eit mjukt punkt. Begge kontrollpunkta til hjørnepunktet vert justerte parallelt og kan berre flyttast samtidig. Kontrollpunkta kan variera i lengd, noko som lèt deg variera kurva.

Ikon Jamn overgang

Mjuk overgang

Symmetrisk overgang

Gjer om eit hjørnepunkt eller eit mjukt punkt til eit symmetrisk punkt. Begge kontrollpunkta til hjørnepunktet vert justerte parallelt og er like lange. Dei kan berre flyttast samtidig og krumminga er den same i begge retningane.

Ikon Symmetrisk overgang

Symmetrisk overgang

Lukk Bézier

Lukkar ei linje eller ei kurve. Du lukkar ei linje ved å knyta det siste punktet saman med det første, som er markert med ein større firkant.

Ikon Lukk Bézierkurve

Lukk Bézier

Fjern punkt

Marker gjeldande punkt eller dei valde punkta for sletting. Dette skjer dersom punktet er på ei rett linje. Om du gjer om ei kurve eller ein mangekant til ei rett linje med Gjer om til kurve-ikonet, eller om du endrar ei kurve med musa slik at punktet ligg på ei rett linje, vert punktet fjerna. Du kan avgjera frå kva side punktfjerninga skal skje . .

Ikon Eliminer punkt

Fjern punkt

Støtt oss!