Verktøylinja for skjemautforming

Verktøylinja for skjemautforming vert vist så snart du vel eit skjemaobjekt medan du arbeider i utformingsmodus.

Vel

Ikon

Med denne knappen byter du til og frå valmodusen, der du kan velja kontrollelement i skjemaet.

Utformingsmodus på/av

Slår utformingsmodus på eller av. Denne funksjonen vert brukt til å byta raskt mellom Utformings- og brukarmodus. Slå på for å redigera kontrollelementa for skjema, slå av for å bruka kontrollelementa.

Ikon

Utformingsmodus på/av

Eigenskapar for kontrollelement

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane for eit merkt kontrollelement.

Ikon

Kontrollelement

Skjemaeigenskapar

I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet..

Ikon

Skjema

Datastruktur

Angjev datastrukturen i det gjeldande X-skjema-dokumentet.

Skjemastruktur

Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.

Ikon

Skjemastruktur

Legg til felt

Opnar eit vindauge der du kan velja eit databasefelt du vil leggja til i skjemaet eller rapporten.

Ikon

Legg til felt

Tabulatorrekkjefølgje

I dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje kan du endra kva rekkjefølgje kontrollfelta får fokus i når brukaren trykkjer på tabulatortasten.

Ikon

Tabulatorrekkjefølgje

Opna i utformingsmodus

Opna skjema i utformingsmodus slik at det kan redigerast.

Ikon

Opna i utformingsmodus

Automatisk fokus på kontrollelement

Ikon

Viss automatisk fokuskontroll er slått på vert det første kontrollelementet vald når du opnar eit nytt dokument. Viss det ikkje er på, vert teksten vald etter opninga av dokumentet. Tabulatorrekkjefølgja bestemmer kva som er det første kontrollelementet i skjemaet.

Posisjon og storleik

Endrar storleik, flyttar, roterer eller skråstiller objektet.

Ikon

Posisjon og storleik

Endra forankring

Let deg byta mellom ulike måtar å forankra eit objekt til dokumentet på.

Ikon

Endra forankring

Flytt fremst

Flyttar det valde objektet fremst slik at det ligg framom alle andre objekt.

Ikon

Flytt fremst

Flytt bakarst

Flyttar det valde objektet bakarst, slik at det ligg bak alle andre objekt.

Ikon

Flytt bakarst

Grupper

Grupperer dei valde objekta, slik at dei kan flyttast som eit enkelt objekt.

Ikon

Gruppe

Løys opp gruppe

Bryt opp den valde gruppa til individuelle objekt.

Ikon

Løys opp gruppe

Bli med i gruppe

Opnar den valde gruppa slik at du kan redigera dei enkelte objekta. Viss dei valde gruppene inneheld undergrupper kan du gjenta denne kommandoen på kvar av dei.

Ikon

Gå inn i gruppe

Gå ut av gruppe

Avsluttar redigeringa av enkeltelement i eit gruppeobjekt.

Ikon

Gå ut av gruppe

Justering

Endrar justeringa av valde objekt.

Ikon

Justering

Vis rutenett

Bestemmer om rutenettet skal visast eller ikkje.

Ikon

Vis rutenett

Fest til rutenett

Oppgjev at du berre kan flytta objekta mellom rutenettpunkt.

Ikon

Fest til rutenettet

Hjelpelinjer ved flytting

Vel om hjelpelinjene skal vera synlege medan du flyttar eit objekt.

Ikon

Hjelpelinjer under flytting

Støtt oss!