Trykk her for å velja kva tabellar du vil setja inn i utformingsvindauga. I dialogvindauget Legg til tabell kan du velja tabellane du treng til oppgåva.
Utvidar «select»-uttrykket i SQL-spørjinga i den gjeldande kolonnen med DISTINCT-parameteren. Resultatet er at like verdiar vert viste berre ein gong, sjølv om dei er lista fleire gongar.
I lokal SQL-modus kan du skriva inn SQL-kommandoar som ikkje vert tolka av LibreOffice, men sende direkte til datakjelda. Om du ikkje viser desse endringane i utformingsvisinga, kan du ikkje byta tilbake til utformingsvising.