LibreOffice 25.2 Hjelp
Verktøylinja for tabellar inneheld funksjonane du treng for å arbeida med tabellar. Verktøylinja kjem fram når du flyttar skrivemerket inn i ein tabell.
Trykk på knappen Kantlinjefarge for å opna verktøylinja for kantlinjefarge, som let deg endra kantlinjefargen på eit objekt.
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Vel den fylltypen du vil bruka på teikneobjektet.
Slår saman innhaldet i dei merkte cellene til éi celle. Tek vare på formateringa i den første cella i utvalet.
Opnar ei verktøylinje som inneheld funksjonar for å optimere rader og kolonnar i tabellar.
Set inn éi eller fleire rader i tabellen, under utvalet. Det vert sett inn like mange rader som det er merkt. Radene har same høgd som dei opphavleg merkte radene.
Set inn éi eller fleire rader i tabellen, over utvalet. Det vert sett inn like mange rader som det er merkt. Radene har same høgd som dei opphavleg merkte radene.
Set inn ein kolonne etter kolonnen der markøren er plassert. Det vert sett inn like mange kolonnar som det er merkte kolonnar. Viss det ikkje er merkt nokon kolonne, vert det sett inn éin kolonne. Kolonnane som finst frå før vert flytte mot høgre.
Set inn ein kolonne før kolonnen der markøren er plassert. Kor mange kolonnar som er sett inn svarar til talet på valde kolonnar. Viss ingen kolonne er vald, vert set sett inn ein kolonne. Kolonnane som finst frå før vert flytte mot høgre.
Opnar fana for tabellutforming. Dobbeltklikk på ei førehandsvising for å formatera tabellen.
Tabellutforming
Vel eigenskapane til den valde tabellen, for eksempel skrifter, skrifteffektar, kantar og bakgrunn.