LibreOffice 25.2 Hjelp
Frå «Hjelpmenyen» kan du opna og bla i hjelpesystemet for LibreOffice.
Opnar hovudsida i Hjelp for LibreOffice for programmet som er i bruk. Du kan bla gjennom hjelpesidene. Du kan både søkja etter stikkord og ord i heile teksten.
Hjelp for LibreOffice
Opnar dokumentasjonssida i nettlesaren der brukaren kan lasta ned, lesa eller skaffa seg brukarrettleiingar for LibreOffice.
Opnar sida for brukarstøtte (på engelsk) i nettlesaren. Bruk denne sida til å spørja om bruk av LibreOffice. For profesjonell støtte med ytingsavtale besøk nettsida for professional LibreOffice support.
Opnar eit skjema (på engelsk) i nettlesaren der du kan rapportere feil i programmet.
Opnar sida «Get Involved» i nettlesaren. Sida viser interesseområde der du kan samarbeida med LibreOffice-fellesskapet.
LibreOffice er eit gratis program, tilgjengeleg utan betaling.
Donasjonen din, som er heilt frivillig, støttar det verdsomspennande fellesskapet vårt.
Viss du likar programmet, vurder gjerne ein donasjon.
Viser dialogvindauget for lisensiering og juridisk informasjon.
Viser dokumentet CREDITS.odt som inneheld namna på dei som har bidradd til kjeldekoden i OpenOffice.org (bidrag som også vart importert i LibreOffice) eller LibreOffice sidan 28.09.2010.
Slå på ei internettkopling for LibreOffice. Dersom du treng Proxy, prøv LibreOffice Proxy-innstillingane i → Internett. Vel så Sjå etter oppdateringar for å sjå om det finst ein nyare versjon av kontorprogrammet.
Viser generell programinformasjon som versjonnummer og opphavsrettar.