Vindauge

Inneheld kommandoar du kan bruka til å endra og visa dokumentvindauge.

Nytt vindauge

Opnar eit nytt vindauge som viser innhaldet i gjeldande vindauge. Slik kan du sjå ulike delar av dokumentet samtidig.

Lukk

Lukkar det gjeldande vindauget. Viss det er fleire opna visingar av det gjeldande dokumentet, vil denne kommandoen lukke berre den gjeldande visinga.

Frå menylinja:

Vel Vindauge → Lukk vindauge.

Frå verktøylinjer:

Ikon Lukk vindauge

Lukk vindauge

Frå tastaturet:

Press + W.

Merknadsikon

I førehandsvisinga for utskrift i LibreOffice Writer og Calc kan du lukka det gjeldande vindaugt ved å klikka på knappen Lukk førehandsvisinga.


Dokumentliste

Lister opp opne dokument. Merk namnet til eit dokument i lista for å gå til det dokumentet.

Støtt oss!

Støtt oss!