Distribuera eit XML-filter som ei pakke

Du kan distribuera eit XML-filter til fleire brukarar ved å bruka eit spesielt pakkeformat.

Slik lagrar du eit XML-fileter som ei pakke

Merknadsikon

Dialogvindauget «Innstillingar for XML-filter» er berre tilgjengeleg når eit tekstdokument er ope.


  1. I Writer, vel Verktøy → Innstillingar for XML-filter.

  2. Merk filteret som du vil distribuera og klikk på Lagra som pakke.

Slik installerer du eit XML-filter frå ei pakke:

Merknadsikon

Dialogvindauget «Innstillingar for XML-filter» er berre tilgjengeleg når eit tekstdokument er opna.


  1. I Writer, vel Verktøy → Innstillingar for XML-filter.

  2. Klikk på Opna pakke og merk pakkefila med det filteret du vil installera.

Slik fjernar du eit installert XML-filter:

  1. I Writer, vel Verktøy → Innstillingar for XML-filter.

  2. Merk filteret du vil sletta og trykk på Slett.

Støtt oss!