LibreOffice 24.8 Hjelp
Når du lagar eit XML-filter for LibreOffice, må du utforma eit XSLT-stilark som kan konvertera til og frå OpenDocument sitt XML-filformat.
Du finn meir om OpenDocument XML-formatet på https://xml.openoffice.org/.
Viss du vil, kan du bruka ein mal saman med filteret for å leggja til LibreOffice-stilar i eit XML-dokument som du importerer.
Lag eit stilark for XSLT-transformering som kan tilordna elementa i det eksterne XML-formatet til elementa i OpenDocument-filformat og tilbake igjen.
Lag ein mal som tildeler LibreOffice-stilar til element i det eksterne XML-formatet når du importerer ei fil i dette formatet til LibreOffice
Lag eit tekstdokument i LibreOffice Writer og vel
.Trykk OK.
Klikk på fana Generelt i dialogvindauget XML-filter og definer eigenskapane for filteret.
Skrive inn eit namn for XML-filteret i feltet Filternamn
Dette namnet vert vist i dialogvindauget Innstillingar for XML-filter.
I feltet Program-boksen vel du det LibreOffice-programmet som filteret gjeld for.
Skriv inn filtypen som filteret gjeld for i feltet Namn på filtype..
Dette namnet vert vist i lista over filtypar i dialogvindauga Opna, Eksporter og Lagra som.
Skriv inn filutvidinga for den eksporterte fila i feltet Filetternamn.
For å skilja fila frå andre XML-filer, kan du skriva inn eit filetternamn som ikkje er *.xml.
Vel omgjeringseigenskapane for filteret på fana Omgjering.
(Valfri) I DocType-feltet kan du skriva inn dokumenttypeidentifikatoren for det eksterne filformatet.
Denne identifikatoren vert brukt til å finna filtypen ved import.
Skriv inn i feltet XSLT til eksport stien og filnamnet for XSLT-stilarket som definerer omgjeringa frå OpenDocument-formatet til det eksterne formatet.
Skriv inn i feltet XSLT til import stien og filnamnet for XSLT-stilarket som definerer omgjeringa frå det eksterne filformatet til OpenDocument-formatet.
(Valfri) Skriv inn i feltet Mal til import sti og namn på malen som definerer LibreOffice-stilene som vert brukt i den importerte fila.
Filene som er spesifisert på fana Omgjering er kopiert til den lokale LibreOffice-brukarmappa.
Trykk OK.
Du kan utføra grunnleggjande testar av eit tilpassa XML-filter i LibreOffice.
Dokumentet vert ikkje endra av desse testane.
Laga eller opna eit tekstdokument.
Vel
.Vel filteret som du vil testa i lista over filter og klikk på Test XSLT-ar.
For å prøva ut eit Eksportfilter, gjer slik i området Eksporter i dialogvindauget:
Klikk på Bla gjennom og vel LibreOffice-dokumentet som du vil testa og klikk på Opna.
For å testa det gjeldande dokumentet, klikk på Dette dokumentet.
For å prøva ut eit Importfilter klikkar du på Bla gjennom i området Importer i dialogvindauget, merkjer eit dokument og klikkar på Opna.