LibreOffice 24.8 Hjelp
LibreOffice lagrar dokument i XML-format. Du kan laga tilpassa filter som gjer om XML-filformatet OpenDocument som vert brukt av LibreOffice, til andre format. Desse filtra kan integrerast i LibreOffice, så du kan lagra eller lasta inn desse formata.
For å laga eit XML-filter, må du ha eit godt kjennskap til XML- og XSLT-konsepta. Desse konsepta ligg utanfor omfanget av denne hjelpa.
Eit XML-filter inneheld stilark, som er skrive i språket XSLT. Stilarket styrer omgjeringa frå OpenDocument-filformatet til eit anna XML-format gjennom eksport- og importfilter. Der er tre slag XML-filter:
Importfilter lastar inn eksterne XML-filer og gjer om filene til OpenDocument XML-filformat. Når du har installert eit importfilter, vert namnet på filteret lagt til til lista med filtypar i dialogvindauget Opna.
Eksportfilter gjer om OpenDocument XML-filer og lagrar filene i eit anna XML-format. Når du har installert eit eksportfilter, vert namnet på filteret lagt til lista med filtypar i dialogvindauget Eksporter.
Import/eksport-filter lastar inn og lagrar OpenDocument XML-filer i eit anna XML-format. Når du har installert desse filtra vert namna på filtera lagt til lista med filtypar i dialogvindauga Opna og Lagra som.