Bruka dokumenttema

Tema er konseptet med å samla farge-, skrift- og formatinnstillingar. Namna på fargar, skrifttyper og formatinnstillingar er faste i dokumentet. Når du byter tema i dokumentet, vert elementa som inneheld dei faste namna farger, skrifttypar og formatinnstillingar byte i høve til det nye temaet.

Slik brukar du eit dokumenttema

  1. Formater dokumentet ved hjelp av det faste temaattributtnamnet, for eksempel farger, skrifttypar og andre formatinnstillingar.

  2. Bruk temaet på dokumentet.

Slik brukar du eit tema i dokumentet

  1. Vel Format → Tema.

  2. Dobbeltklikk på det ønskte temaet eller merk temaet og trykk OK

Alle dokumentelement med det faste temaattributtnamnet gjeve, vert endra til det nye temaattributtet. For eksempel vert ei overskrift med skriftfarge gjeve som «Mørk 2» endra til den nye temafargen «Mørk 2».

Slik legg du til eit nytt tema

  1. Vel Format → Tema og klikk på Legg til.

  2. Skriv inn eit namn for det nye temaet i tekstboksen Namn.

  3. I fargeområdet vel du basisfargen for kvar av dei 12 faste fargenamna i temaet.

    Temafargar er sett saman av eit sett med tolv basisfargar, kvart av dei med fem variasjonar utrekna internt. Desse fargane vert definerte berre ut frå RGB-verdiane og vert lagra i dokumentfila. Fargen til eit objekt kan tildelast ved å referere til ein farge frå Temafargar-settet, anten med nøkkelord eller indeks, avhengig av samanhengen. Basisfargenamnene er

    • Mørk 1, Lys 1, Mørk 2, Lys 2,

    • Aksent 1, Aksent 2, Aksent 3, Aksent 4, Aksent 5, Aksent 6,

    • Hyperlenkje, Følgd hyperlenkje

  4. Trykk OK for å lukka dialogvindauget.

  5. Trykk OK eller dobbeltklikk på det nye temaet for å bruka det på dokumentet.

Støtt oss!

Støtt oss!