Endra tekstfargen

Klikk pÄ pila ved sida av knappen Skriftfarge for Ä slÄ pÄ ei verktÞylinje der du kan velja ein farge.

Ikon

Skriftfarge

Ikon

Det fÞlgjande gjeld berre for LibreOffice Writer: Viss du klikkar pÄ knappen med eit kort klikk og ingen tekst er merkt, vert utsjÄnaden til musepeikaren endra til eit mÄlingspann. Hald nede museknappen og bruk dette mÄlingspannet for Ä dra pÄ tvers av eit tekstomrÄde. Dette tekstomrÄdet fÄr den valde fargen. Funksjonen er slÄtt pÄ sÄ lenge knappen er nede eller til du klikkar utan Ä dra eller til du trykkjer pÄ Escape.

Dette gjeld for alle program (LibreOffice Writer, Calc, Draw, Impress): Merk teksten som skal ha ein annan farge og klikk pÄ verktÞylinja pÄ fargen du Þnskjer.

Kopiera formatering med formatpenselen

Skriftfarge

StĂžtt oss!