Handsama malar

Malhandsamaren gjer det enkelt å handsama malar og å opna nye dokument som brukar malar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel menyen Fil → Ny(tt) → Malar

Vel menyen Fil → Malar → Ordna malane

Trykk på + Shift + N i kva LibreOffice-modul som helst.

Trykk på knappen Malar i startsenteret.

Vel ein maltype ved å trykkja på knappen Malar i startsenteret.


Malane kan spare deg for mykje tid når du lagar nye dokument med ferdig utfylt innhald og formatering. Med malhandsamaren har du tilgang til malane og kan organisera dei i LibreOffice.

LibreOffice.kjem med fleire innebygde malar (på engelsk) som kan brukast til å laga nye dokument, presentasjonar og teikningar. Du kan bruka dei malane som er tilgjengelege i malhandsamaren, laga nye malar og leita på nettet etter fleire malar.

tip

Organiser malane i kategoriar. Bruk malhandsamaren for å laga nye malar eller å lasta ned malar. Bruk av malar kan spara deg for mykje tid når du har fleire dokument med nokolunde same utforminga eller innhaldet.


Hovudvindauget – Val av malar

Det vert vist bilete av dei malane som er funne i hovudvindauget ut frå korleis du søkte etter dei. Dobbeltklikk på ei av førehandsvisingane for å opna eit nytt dokument med innhaldet og formateringa frå malen.

Vel Miniatyrvising eller Listevising nedst til venstre for å endra visinga av malane.

Ikon Miniatyrvising

Miniatyrvising

Ikon Listevising

Listevising

note

For å visa malar frå ei anna mappe i kategorien Mine malar, vel LibreOffice → Stiar, vel Malar, trykk Rediger og trykk så Legg til for å opna dialogvindauget for filer der du kan velja mappa som skal leggjast til.


Søk

Du kan søkja etter ein mal ved å skriva inn ein tekst i innskrivingsboksen oppe til venstre. Eventuelle funn vert viste i hovudvindauget.

Filter

I nedtrekkslista «Filter» kan du velja å sjå gjennom alle program, tekstdokument, rekneark, presentasjonar eller teikningar. Hovudvindauget vil visa dei filtrerte malane.

Kategoriar

Kategoriar er mapper der du set inn malane dine. Alle malar er sette inn i éin kategori, og kan berre setjast i éin kategori. Du kan velja frå standardkategoriane: Alle kategoriar, Mine malar, Forretningskorrespondanse, Mediawiki, Andre forretningsdokument, Personleg korrespondanse og dokument, Presentasjonar eller Stilar. Du kan også opprette nye kategoriar for personleg bruk. Trykk på Hamdsam øvst til høgre i malhandsamaren, og vel deretter Ny kategori for å oppretta ein ny kategori.

Det er råd å flytta brukardefinerte malar og kopiera innebygde malar til ein annan kategori. Bruk alternativet Flytt som du finn ved å høgreklikka på ein enkelt mal.

note

Du kan ikkje ha ein kategori inne i ein annan kategori.


Handsam

Trykk på Handsam øvst til høgre for å opna menyen for handsaming. Vala er: Ny kategori, Importer og Utvidingar. Viss ein mal er sett som standard, vert valet Tilbakestill standard vist. Viss det er vald ein brukardefinert kategori, vert også Gje nytt namn til kategori og Slett kategori viste.

Ny kategori

Viss du vil oppretta ein ny kategori for å plassera ein mal, vel du dette alternativet.

Ikon Ny kategori

Ny kategori

Tilbakestill til standard

Dette valet kjem berre fram viss du har sett ein mal som standard. Bruk denne kommandoen for å fjerna den innstillinga. Bruk Filter for å spesifisera kva for programmal som skal tilbakestillast. Vel Alle program i filteret for å tilbakestilla malane for alle programma til standardmalane.

Importer

For å importera éin eller fleire malar til malhandsaminga, vel Importer, vel malkategorien i dialogvindauget Vel kategori, vel deretter filene som skal importerast.

Ikon Import

Importer

Utvidingar

Du kan sjå etter fleire malar på nettet ved å trykkja på utvidingsikonet for å opna eit søkjevindauge. Du kan også søkja etter malar på https://extensions.libreoffice.org.

Ikon Utvidingar

Utvidingar

Handlingar med einskilde ikon

Opna

Vel ein mal i hovudvindauget og høgreklikk på han og vel «Opna», trykk Enter eller dobbeltklikk for å opna eit nytt dokument med denne malen.

Du kan også bruka knappen Opna nede til høgre for å opna eit nytt dokument som brukar den valde malen.

Ikon Opna

Opna

Rediger

Merk ein mal i hovudvindauget og høgreklikk på han og vel «Rediger» for å redigera malen. For innebygde malar kan du redigera ein kopi.

Ikon Rediger

Rediger

Set som standard

Vel ein mal i hovudvindauget og høgreklikk og vel «Set som standard» for å gjera malen til standardmalen. Dette vil setja eit grønt merke over malen. Malen vert då lasta inn automatisk når eit nytt dokument vert opna med det tilhøyrande programmet.

Ikon Set som standard

Set som standard

Endra namn

Vel ein mal i hovudvindauget og høgreklikk og vel «Endra namn» for å gi malen eit nytt namn. redigera malen. Dette vil opna eit nytt dialogvindauge der du kan skriva inn eit nytt namn på malen. Trykk OK når du er ferdig eller trykk Avbryt dersom du ikkje vil endra namnet.

Ikon Gje nytt namn

Gje nytt namn

Slett

Merk ein eller fleire malar i hovudvindauget og trykk knappen Slett eller høgreklikk og vel Slett for å sletta malen/malane. Dette vil opna eit dialogvindauge der du kan stadfesta slettinga ved å trykka på Ja, eller Nei for ikkje å sletta.

Ikon Slett

Slett

note

Innebygde malar kan ikkje redigerast, gjevast nytt nam eller slettast.


Flytt

For å flytta malar til ein annan kategori, merk ein mal, eller bruk + klikk for å merkja fleire malar, høgreklikk deretter og vel Flytt for å opna dialogvindauget Vel kategori, der du kan velja målkategori eller ein ny kategori å flytta malen inn i. Innebygde malar kan ikkje flyttast, men kopiar kan opprettast i andre kategoriar.

Ikon Flytt

Flytt

Eksporter

Merk ein mal i hovudvindauget, eller bruk + klikk for å merkja fleire malar samstundes. Høgreklikk og vel «Eksporter» for å eksportera utvalet til ei mappe på datamaskinen.

Ikon Eksport

Eksporter

tip

Du kan flytta eller eksportera alle malane i ein kategori ved å trykkja + A og deretter velja Flytt eller Eksport.


Eksempel

Eksempel 1 – Laga eit forretningsbrev

  1. Opna LibreOffice Writer

  2. Trykk + Shift + N eller Fil → Ny(tt) → Malar for å opna malhandsamaren.

  3. Skriv «forretningsbrev» eller eventuelt «business» i søkjeboksen.

  4. Vel ein av malane i hovudvindauget ved å dobbeltklikka på han eller merk han og trykk Enter.

  5. Det vert nå opna eit nytt LibreOffice-dokument som brukar denne malen.

  6. Gjer dei ønskte endringane i dokumentet.

Eksempel 2 – Importer mal – privat budsjettrekneark

  1. Opna LibreOffice Calc

  2. Trykk + Shift + N eller Fil → Ny(tt) → Malar for å opna malhandsamaren.

  3. Trykk på Handsam og vel «Utvidingar» for å søkja etter malar på nettet.

  4. Søk etter ein mal for personleg budsjett (engelsk: personal budget) og last han ned.

  5. Opna malhandsamaren og trykk på knappen «Importer».

  6. Vel ein kategori som den nye malen skal lagrast i, for eksempel Mine malar og trykk OK.

  7. Finn den malen du lasta ned, merk han og trykk «Opna»

  8. Malen er nå tilgjengeleg i den kategorien du valde.

Eksempel 3 – LibreOffice Impress – mal for presentasjon

  1. Opna LibreOffice Impress

  2. Når du opnar LibreOffice Impress vert malhandsamaren opna samtidig.

  3. Vel ein mal.

  4. Du kan også bruka sprettoppmenyen, importera ein mal eller søkja på nettet etter ein mal.

  5. Ein ny funksjon i malhandsamaren er ikkje tilgjengeleg når han vert opna automatisk for første gong. Når du har opna LibreOffice Impress, kan du køyra malhandsamaren igjen for å ha tilgang til alle funksjonane.

Sjå etter malar for nedlasting på https://extensions.libreoffice.org.

Sjå kapittel 3 – Using Styles and Templates (bruk av stilar og malar) i Getting Started Guide.

Du kan finna meir informasjon under Creating a Document Template.

Du kan finna meir informasjon under Malar og stilar.

Støtt oss!