Starta LibreOffice med parameterar

Ved Ä starta LibreOffice frÄ kommandolinja kan bruka ulike parameterar der du kan styra kva programmet skal gjera. Du bÞr vera ein erfaren brukar for Ä bruka parameter pÄ kommandolinja.

note

Bruk av kommandolinjeparameterar er normalt ikkje nÞdvendig. Nokre fÄ av parameterane krev grundig kunnskap til den tekniske bakgrunnen for LibreOffice-teknologien.


Starta LibreOffice frÄ kommandolinja

  1. I Windows, vel KjÞr frÄ startmenyen. (I Windows 7 og nyare, kan du fÄ fram KjÞr mellom anna ved Ä halda inne Windows-logotasten og trykkja R). I Linux, *BSD eller macOS, opnar du eit «shell».

  2. I Windows skriv du inn denne teksten i tekstfeltet Opna og klikkar pÄ OK.

  3. I UNIX-liknande system skriv du inn denne tekstlinja og trykkjer Return:

    Byt ut {installer} med stien til installasjonen av LibreOffice (for eksempel C:\Program Files\Office i Windows eller ~/office in UNIX)

Gyldige kommandolinjeparameterar

Bruk utan spesielle argument

Brukt utan argument vil opna startsenteret.

{file}

PrĂžver Ă„ opna fila (filene) i den komponenten som hĂžver best for dei.

{file} macro:///[Library.Module.MacroName]

Opnar fila og brukar den spesifiserte makroen frÄ fila.


FĂ„ hjelp og informasjon

Parameter

Meining

--help / -h / -?

Lister opp dei tilgjengelege kommandolinjeparameterane i konsollen.

--helpwriter

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Writer.

--helpcalc

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Calc.

--helpdraw

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Draw.

--helpimpress

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Impress.

--helpbase

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Base.

--helpbasic

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Basic skriptsprÄk.

--helpmath

Opnar den innebygde eller nettilgjengelege hjelpa for LibreOffice Math.

--version

Viser LibreOffice-versjonen og avsluttar.

--nstemporarydirectory

(Berre for macOS sandbox) Returnerer stien for den mellombels mappa for den gjeldande brukaren og avsluttar. Overstyrar alle andre argument.


Generelle argument

Parameter

Meining

--quickstart[=no]

Aktiverer[deaktiverer] tenesta snÞggstart. Det tar berre eitt parameter: no som slÄr av snÞggtast. Utan parameter vert snÞggstart slÄtt pÄ.

--nolockcheck

SlÄr av kontrollen for eksterne einingar som brukar installasjonen.

--infilter={filter}

Tvingar, om mogleg, ein inngangsfiltertype, for eksempel:

--infilter="Calc Office Open XML"

--infilter="Text (encoded):UTF8,LF,Liberation Mono,en-US".

--pidfile={file}

Lagrar soffice.bin pid i {file}.

--display {display}

Set variabelen DISPLAY pÄ UNIX-liknande plattformer til verdien {display}. Denne parameteren har stÞtte berre frÄ startskriptet for LibreOffice-programmet pÄ UNIX-liknande plattformer.


Brukar-/program-kontroll av grensesnittet

Parameter

Meining

--nologo

SlÄr av velkomstbiletet ved programstart.

--minimized

Startar minimert. Velkomstbiletet vert ikkje vist.

--nodefault

Startar utan Ă„ visa anna enn velkomstbiletet.

--invisible

Startar i usynleg tilstand.

Korkje oppstartsbiletet eller det opphavlege programvindauget vert synleg. LibreOffice kan kontrollerast og dokument og dialogvindauge kan opnast via API.

NÄr LibreOffice er starta med denne parameteren kan det berre avsluttast ved hjelp av oppgÄvelista (Windows) eller med kill-kommandoen (UNIX-liknande system).

Parameteren kan ikkje brukast saman med --quickstart.

Du kan finna meir informasjon i LibreOffice Developer's Guide.

--headless

Startar i «headless mode» som tillet bruk av programmet utan brukargrensesnitt.

Denne spesialtilstanden kan brukast nÄr programmet er kontrollert av eksterne klientar via API-et.

--norestore

SlÄr av omstart og filgjenoppretting etter eit systemkrasj.

--safe-mode

Startar i sikker modus, det vil seia startar mellombels med ein ny brukarprofil og hjelper til med Ă„ gjenopprette Ăžydelagde innstillingar.

--accept={UNO}

Fortel LibreOffice at det vert brukt ein «UNO Accept String» nÄr det vert oppretta «UNO Acceptor Threads».

UNO-URL orma uno:tilkoplingstype,parameter;protokollnamn,parameter;ObjektNamn.

Du kan finna meir informasjon i LibreOffice Developer's Guide.

--unaccept={UNO-URL}

Lukker ein «acceptor» som er laga med «--accept={UNO string}». Bruk «--unaccept=all» for Ä lukka alle opne «acceptor».

--language={lang}

Brukar det spesifiserte sprÄket dersom sprÄket ikkje er vald for brukargrensesnittet. SprÄket er ein tagg i IETF-sprÄkmerke.


Utviklarargument

Parameter

Meining

--terminate_after_init

Avslutt nÄr oppsettet er ferdig. Ingen dokument lasta inn.

--eventtesting

Avslutt etter at dokumenta er lasta inn.


Argument for Ă„ laga nye dokument

note

Argumenta lagar eit romt dokument ut frÄ den Þnskte typen. Berre eit av dei kan brukast pÄ kommandolinja. Dersom det er skrive inn filnamn etter eit argument, prÞver det Ä opna desse filene i den valde komponenten.


Parameter

Meining

--writer

Start med eit tomt Writer-dokument.

--calc

Start med eit tomt Calc-dokument.

--draw

Start med eit tomt Draw-dokument.

--impress

Start med eit tomt Impress-dokument.

--math

Start med eit tomt Math-dokument.

--global

Start med eit tomt Writer-hovuddokument.

--web

Start med eit tomt HTML-dokument.


Argument for filopning

note

Argumenta bestemmer korleis dei fÞlgjande filnamna skal handsamast. Ny handsaming byrjar etter argumentet og sluttar ved det nye argumentet. Standard er Ä opna dokument for redigering og laga nye dokument frÄ dokumentmalen.


Parameter

Meining

-n

Handsamar dei fĂžlgjande filene som malar for nye dokument.

-o

Opnar dei fĂžlgjande filene for redigering, uansett om dei er malar eller ikkje.

--pt {Printername}

Skriv ut dei fĂžlgjande filene til skrivaren {Skrivarnamn} og avsluttar. Velkomstbiletet vert ikkje vist.

Viss filnamnet inneheld mellomrom, mÄ det skrivast mellom hermeteikn.

Viss fleire oppfĂžringar, vert berre den siste {Skrivarnamn} brukt for alle dokumenta i alle --pt-kĂžyringar.

OgsÄ argumentet --printer-name med brytaren --print-to-file verkar pÄ {Printername}.

-p

Skriv ut dei fĂžlgjande filene til standardskrivaren og lukker filene. Velkomstskjermen vert ikkje vist.

Viss filnamnet inneheld mellomrom, mÄ det skrivast mellom hermeteikn.

--view

Opnar dei fĂžlgjande filene som skriveverna.

--show

Opnar og startar dei fÞlgjande presentasjonsdokumenta straks. Filene vert lukka etter visinga. Filer som ikkje er Impress-dokument, vert opna i standardmodus same kva modus dei mÄtte ha.

--convert-to OutputFileExtension[:OutputFilterName] [--outdir output_dir]

Batch konverterer filer (krev --headless). Dersom --outdir ikkje er spesifisert, vert den gjeldande mappa brukt som output_dir.

Dersom --convert-to er fleire gonger, vert den siste verdien av OutputFileExtension[:OutputFilterName] brukt. Dersom --outdir er brukt fleire gonger, vert berre den siste verdien brukt. For eksempel:

--convert-to pdf *.doc

--convert-to pdf:writer_pdf_Export --outdir /home/user *.doc

--convert-to "html:XHTML Writer File:UTF8" *.doc

--convert-to "txt:Text (encoded):UTF8" *.doc

SjÄ liste over dokumentfilter for filkonvertering.

--print-to-file [--printer-name printer_name] [--outdir output_dir]

Batch skriv filer til fil. Dersom --outdir ikkje er oppgjeve, vert den gjeldande mappa brukt som output_dir.

Viss --printer-name eller --outdir er brukt fleire gonger, vert berre den siste verdien brukt. OgsÄ brytaren --pt under {Skrivarnamn} verkar ogsÄ inn pÄ --printer-name. For eksempel:

--print-to-file *.doc

--print-to-file --printer-name nasty_lowres_printer --outdir /home/user *.doc

--cat

Brukar filteret "txt: Text" pÄ fei fÞlgjande tekstdokumenta og sender tekstinnhaldet til konsollen (impliserer - headless ). Kan ikkje brukast med - konvertere til .

-env:VAR[=VALUE]

Set ein «bootstrap»-variabel. Eksempel: Å setje ein ikkje-standard sti til brukarprofilen:

-env:UserInstallation=file:///tmp/test


Ignorerte brytarar

Parameter

Meining

-psn

Ignorert (Berre macOS)

-Embedding

Ignorert (COM+ relatert; Berre Windows)

--nofirststartwizard

Gjer ingenting, sett inn for Ă„ vere bakoverkonvertibel.

--protector {arg1} {arg2}

Vert berre brukt i komponenttestar og mÄ ha to argument.


StĂžtt oss!