LibreOffice 25.2 Hjelp
LibreOffice brukar dei installerte skrifttypane i systemet. I eit tekstdokument kan du velja mellom alle skrifttypane som kan skrivast ut. I eit HTML-dokument og i vevoppsett er berre skrifttypar som er synlege på skjermen tilgjengelege. I rekneark og teikningar kan du velja mellom alle installerte skrifttypane.
Vel skrivaren i listeboksen Skrivarar i dialogvindauget Skriv ut eller i dialogvindauget Skrivaroppsett og trykk på Eigenskapar. Dette opnar eit dialogvindauge med mange faner der du kan velja innstillingar i høve til PPD-fila for skrivaren.
I fana Papir kan du velja papirformatet og den papirskuffa som skal brukast som standardinnstillingar for denne skrivaren.
I fana Eining kan du slå på dei spesielle innstillingane for skrivaren. Viss skrivaren berre kan skriva ut i svart og kvit, vel du «gråtonar» under Farge, elles vel du «farge». Viss byttet til gråtonar gjev uønskte resultat, kan du også velja «farge» under Farge og sjå korleis skrivaren eller PostScript-emulatoren handsamar det. Dessutan kan du stilla inn kor nøyaktig fargane skal beskrivast og kva PostScript-nivå som skal brukast.
For å gjera den valde skrivaren i lista Installerte skrivarar til standardskrivaren, dobbeltklikkar på namnet til skrivaren eller klikkar på knappen Standard.
Viss du har installert fax4CUPS på datamaskinen kan du senda fax med LibreOffice-programmet.
Det vil koma opp eit dialogvindauge som spør deg om faksnummeret når du skriv til ein fax4CUPS-skrivar. Du kan skriva inn fleire nummer, skilde med ; (semikolon).
I LibreOffice kan du også bruka eit ikon for å senda faksar til ein standardfaks. Dette gjer du ved å velja Verktøy → Tilpass → Verktøylinjer og trykkja på knappen Legg til. I feltet Kategori merkjer du av for «Dokument» og leitar deg nedover i feltet Kommandoar til du finn Send standardfaks og merkjer denne. Trykk knappen Legg til. Du kan setja kva faks som skal brukast når du trykkjer denne knappen i → LibreOffice Writer → Skriv ut.
Hugs å setja opp ein separat skrivarjobb for kvar faks. Elles vil den første mottakaren ta i mot alle faksane. Vel innstillinga Skrivar i dialogvindauget Verktøy → Vegvisar for brevfletting og kryss av for Enkle skrivarjobbar.