LibreOffice 25.2 Hjelp
For å hindra at to ord vert skilde frå kvarandre ved linjeskift, hald nede
medan du skriv inn eit mellomrom mellom orda.Du kan ikkje setja inn harde mellomrom i Calc.
Eit eksempel på bruk av hard bindestrek kan vera firmanamn, for eksempel «A-Z». Du ønskjer sjølvsagt ikkje at «A-» skal stå på slutten av ei linje og «Z» på byrjinga av neste linje. Du kan løysa dette problemet ved å bruka Shift + + minusteiknet. Eller sagt på ein annan måte, hald nede Shift og medan du trykkje ned minustasten.
Du kan skrive inn tankestrekar ved å gå inn på Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Val og merkja av for Byt ut bindestrek med tankestrek på rette stadar. Dette vil i visse tilfelle byte ut ein eller to bindestrekar med ein kort eller lang tankestrek. (Sjå Innstillingar for autoretting for meir om dette).
For fleire utbytingar, sjå erstatningstabellen under Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Byt ut. Her kan du mellom anna automatisk byta ein snarveg med ein bindestrek endåtil i ein annan skrifttype.
Du set inn ei eventuell automatisk orddeling ved å skriva ein mjuk bindestrek der du ønskjer at ordet eventuelt skal delast. Dette kan du gjera med tastane + minusteiknet (-). Dersom orden kjem på slutten av ei linje, kan det verta delt der sjølv om automatisk orddeling er slått av for dette avsnittet.