LibreOffice 26.2 Hjelp
Når du set inn eit rektangel eller ei snakkeboble ved hjelp av eldre teiknefunksjonar og merkkjer rektangelet eller snakkebobla, vil du kunna sjå ei lita ramme ved det øvre, venstre hjørne av objektet. Denne ramma viser kor mykje hjørna er avrunda. Når ramma er plassert i det øvrte, venstre hjørnet, vert det ikkje brukt avrunding. Når ramma er plassert på handtaket på midten øvst på objektet, er hjørna avrunda mest mogleg. Du kan tilpassa kor stor avrundinga skal vera ved å flytta ramma mellom desse to ytterpunkta.
Du opnar verktøylinja for klassisk rektangel frå .

Viss du plasserer musepeikaren over boksen, vert han endra til ei hand. Nå kan du dra feltet for å bruka større eller mindre avrunding. Eit omriss gjev ei førehandsvising av resultatet.
