Registrera endringar

Merknadsikon

Revisjonsfunksjonen er tilgjengeleg i LibreOffice for bruk i tekstdokument og rekneark.


Ikkje alle endringane vert registrerte. For eksempel vert det ikkje registrert om ein venstretabulator vert endra til ein høgretabulator. Men alle endringar som ein korrekturlesar gjer til vanleg vert registrerte. Dette gjeld mellom anna endringar i formatering og tekst som vert lagt til, sletta eller endra.

1.

Du byrjar å registrera endringar ved å opna dokumentet som skal redigerast og velja Rediger → Spor endringar og deretter velja Registrer.

2.

Nå kan du byrja å gjera endringar. Du vil leggja merkje til at all ny tekst du skriv inn vert understreka med ein farge, medan all tekst du slettar, framleis er synleg, men vert gjennomstreka med same fargen.

3.

Viss du held musepeikaren over ei merkt endring, vil du sjå ein referanse til typen endring, forfattaren, dato og klokkeslett for endringa i hjelpetipset. Viss utvida tips også er slått på, kan du sjå eventuelle merknadar til endringa.


Endringar i eit rekneark vert utheva med ein kant rundt celler med endringar. Når du held musepeikaren over ei endra celle, kjem det opp meir detaljert informasjon om denne endringa i eit hjelpetips.

Du kan skriva inn ein merknad til kvar registrert endring ved å plassera musepeikaren i området som inneheld endringa og deretter velja Rediger → Spor endringar → Kommentar. Eventuelle merknadar vert viste både i utvida tips og i lista som vert vist i dialogvindauget Handter.

Du kan stoppa registreringa av endringar ved å velja Rediger → Spor endringar → Registrer igjen. Hakemerket ved sida av valet vert fjerna og nå kan du lagra dokumentet.

I eit tekstdokument kan du merkja alle linjene du har gjort endringar i, med ei ekstra fargemerking. Dette kan for eksempel visast med ein raud strek i margen.

Du kan endra innstillingane for sporing av endringar ved å velja → LibreOffice Writer → Endringar eller → LibreOffice Calc → Endringar.

Registrera og visa endringar

Godta eller avvisa endringar

Samanlikne versjonar av eit dokument

Fletta versjonar

Versjonshandsaming

Støtt oss!