LibreOffice 24.8 Hjelp
Revisjonsfunksjonen er tilgjengeleg i LibreOffice for bruk i tekstdokument og rekneark.
Når eit dokument er redigert av meir enn ein person, er det mogleg å fletta dei redigerte kopiane inn i originalen. Det einaste kravet er at alle skilnadane i dokumenta er registrerte endringar. All anna tekst i originalen må vera identisk.
Opna originaldokumentet du vil fletta alle kopiane inn i.
Vel Rediger → Endringar → Flett dokument. Det kjem opp eit vindauge der du kan velja fil.
Merk kopien av dokumentet i dialogvindauget. Viss det ikkje er gjort endringar i originaldokumentet sidan sist, vert kopien fletta inn i originalen.
Viss det er gjort endringar i originaldokumentet, kjem det fram eit dialogvindauge med ei melding om at flettinga var mislukka.
Når du har fletta dokumenta, vert dei registrerte endringane frå kopien viste i originaldokumentet.