Samanlikne versjonar av eit dokument

note

Revisjonsfunksjonen er tilgjengeleg i LibreOffice for bruk i tekstdokument og rekneark.


Lat oss seia at du skriv eit dokument i samarbeid med andre forfattarar eller korrekturlesarar. Ein dag sender du kopiar av dokumentet til alle korrekturlesarane og bed dei redigera denne kopien og senda han tilbake.

Normalt vil korrekturlesaren opna for å spora endringane ved å slå på Rediger → Spor endringar → Registrer slik at du lett kan sjå endringane.

Viss ein av forfattarane har gjort endringar i eit dokument utan å slå på opptak, kan du samanlikne det endra dokumentet med originaldokument ditt.

  1. Opna dokumentet frå korrekturlesaren og vel Rediger → Spor endringar → Samanlikn dokument.

    Du bør alltid byrja med å opna det nyaste dokumentet og samanlikne det med det eldre dokumentet.

  2. Det kjem fram eit dialogvindauge for filval. Merk det eldre originaldokumentet og godkjenn.

    LibreOffice set saman begge dokumenta inne i dokumentet frå korrekturlesaren. All tekst som finst i korrekturlesaren sitt dokument, men ikkje i originalen, vert identifisert som innsetjingar og all tekst som er sletta av korrekturlesaren vert identifisert som slettingar.

  3. Nå kan du godta «innsetjingane» og «slettingane». Til slutt kan du lagra korrekturlesaren sitt dokument som ein ny original med eit nytt namn.

Støtt oss!