Registrera og visa endringar

note

Revisjonsfunksjonen er tilgjengeleg i LibreOffice for bruk i tekstdokument og rekneark.


Når fleire forfattarar arbeider med den same teksten eller det same reknearket, vil revisjonsfunksjonen registrera og visa kven som har gjort dei ulike endringane. Når dokumentet skal gjerast ferdig, kan du sjå på kvar enkelt endring og avgjera om du vil godta eller avvisa ho.

For eksempel, viss du er redaktør og leverer inn den nyaste rapporten din. Før rapporten vert publisert skal han lesast av både sjefsredaktøren og ein korrekturlesar, som begge gjer sine endringar. Sjefsredaktøren skriv «beskriv meir detaljert» etter eit avsnitt og stryk ut eit anna avsnitt. Korrekturlesaren har funne stavefeil i dokumentet og retta dei.

Det redigerte dokumentet vert returnert til deg, slik at du kan godta eller sjå bort frå endringane dei to korrekturlesarane har gjort.

Let's say you also emailed a copy of the report to a good friend and colleague who has done research on a similar topic in the past. You asked for a few suggestions, and the document is now returned by email with your colleague's suggestions.

Fordi alle kollegaane brukar LibreOffice, kan du laga ei ferdig utgåve av dokumentet på grunnlag av tilbakemeldingane du får frå dei andre.

Støtt oss!