Sladding

Sladding av eit dokument blokkerer ord eller delar av dokumentet for autorisert bruk eller vising.

Sladding vernar sensitiv informasjon og hjelper verksemder og organisasjonar med å overhalda forskrifter om personvern og konfidensialitet.

For å bruka denne funksjonen …

Choose Verktøy → Sladding


Korleis sladdinga verkar i LibreOffice?

Dokumentet vert eksportert til eit teiknedokument som kan redigerast i LibreOffice Draw. Den sladda teksten eller det sladda området vert fjerna frå dokumentet og erstatta med ei pikselblokk for å hindra alle forsøk på å kopiera eller gjenoppretta originaldokumentet. Det sladda dokumentet vert som oftast eksportert som PDF før det vert offentleggjort.

Under sladdinga er sladdeformene grå og gjennomsiktige slik at brukaren kan sjå kva som vert sladda.

note

Kjeldedokumentet (tekst, rekneark eller presentasjon) vert ikkje påverka av sladdinga og kan redigerast vidare.


tip

Lagra og del dei usladda dokumentkopiane med andre anten i det redigerbare (teikning) formatet eller i det ordrette (PDF) formatet.


Verktøylinja for sladding

Verktøylinja for sladding inneheld fire verktøy

Symbolet for rektangulær sladding

Rektangulær sladding vert brukt for å markera innhaldet som skal sladdast ved å teikna eit gjennomsiktig rektangel over innhaldet. Bruk handtaka for å endra storleiken på rektangelet.

Symbolet for frihandssladding

Med Frihandssladding kan brukaren merka området som skal sladdast ved å teikna linjer eller mangekantar på frihand over området.

Symbolet for kvit sladding Symbolet for svar sladding

Knappen for sladda eksport har to val:

  • Sladda eksport (svart): fullfør dokumentet ved å konvertere dei halvgjennomsiktige sladdingane til ugjennomsiktig svart og eksportera som ei piksellisert PDF-fil.

  • Sladda eksport (kvit): fullfør dokumentet ved å konvertere dei halvgjennomsiktige sladdingane til ugjennomsiktig kvit og eksportera som ei piksellisert PDF-fil.

Ikonet for direkte eksport til PDF

Direkte eksport PDF: Lagar ein usladda versjon av dokumentet i PDF for å kunna dela ein ordrett versjon.

Støtt oss!