Verna innhald i LibreOffice

Det følgjande er ei oversikt over dei ulike metodane du kan bruka for å verna innhaldet i LibreOffice mot endring, sletting eller vising.

Verna dokument med passord ved lagring

Alle dokument som vert lagra i OpenDocument-format, kan lagrast med eit passord. Dokument som vert lagra med eit passord, kan ikkje opnast utan at passordet vert skrive inn. Innhaldet er sikra slik at det ikkje kan lesast med eit eksternt redigeringsprogram. Dette gjeld både innhald, bilete og OLE-objekt.

Slå på vern

Vel Fil → Lagra som og merk av for Lagra med passord. Lagra dokumentet.

Slå av vern

Opna dokumentet og skriv inn det korrekte passordet. Vel Fil → Lagra som og fjern merket i avkrysningsboksen Lagra med passord.


tip

Det er råd å bruka OpenPGP til å definera private og offentlege nøklar som skal brukast til å kryptera LibreOffice-dokument. Les Kryptera dokument med OpenPGP for å læra meir om korleis setja opp OpenPGP-krypteringsnøklar.


Verna revisjonsmerking

Kvar gong noko vert endra i LibreOffice Calc og LibreOffice Writer, vert det registrert kven som har gjort endringa. Denne funksjonen kan slåast på med vern, slik at den berre kan slåast av når det rette passordet vert skrive inn. Før dette skjer, vert alle endringar registrerte og det er ikkje mogleg å godta eller avvisa endringar.

Slå på vern

Vel Rediger → Endringar → Vern. Skriv inn og bekreft eit passord på minste eitt teikn.

Slå av vern

Vel Rediger → Spor endringar → Vern. Skriv inn det rette passordet.


Verna rammer, bilete og OLE-objekt

Du kan verna innhaldet i, plasseringa av og storleiken på bilete som vert sette inn. Det same gjeld for rammer (i Writer) og OLE-objekt.

Slå på vern

For eksempel for bilete sett inn i Writer: Vel fana Format → Bilete → Innstillingar → Val. Merk av for Innhald, Plassering og/eller Storleik under Vern.

Slå av vern

For eksempel for bilete sett inn i Writer: Vel fana Format → Bilete → Innstillingar → Val. Fjern aktuelle merkingar i Vern.


Verna teikneobjekt og skjemaobjekt

Teikneobjekt som vert sette inn i dokument ved hjelp av verktøylinja Teikning kan vernast mot flytting eller endring av storleiken. Du kan gjere det same med skjemaobjekt som er sett inn ved hjelp av verktøylinja Kontrollelement for skjema.

Slå på vern

Vel Format → Objekt → Posisjon og storleik → fana Posisjon og storleik. Marker avkryssingsfeltet Posisjon eller Storleik.

Slå av vern

Vel Format → Objekt → Posisjon og storleik → fana Posisjon og storleik. Fjern markeringa i avkryssingsfeltet Posisjon eller Storleik.


Støtt oss!