LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel Fil → Skriv ut. Dette vil opna dialogvindauget Generelt.
Trykk på Eigenskapar for å opna eit dialogvindauge med eigenskapane til skrivaren du brukar.
Merk av for utskrift i svart-kvitt. Du finn fleire opplysingar i handboka til skrivaren du brukar.
Bekreft dialogvindauget Eigenskapar og trykk på Skriv ut.
Det gjeldande dokumentet vert nå skrive ut i svart-kvitt.
Vel
eller .Vel deretter Skriv ut.
Under Utskriftskvalitet vel du anten Gråtoner eller Svart-kvitt og trykkjer på OK.
Når ei av desse innstillingane er vald, vert alle presentasjonar og teikningar skrive ut utan farge. Viss du ønskjer å skriva ut berre det gjeldande dokumentet i svart, vel innstillinga i Fil → Skriv ut → LibreOffice Draw/Impress.
Gråskala omformar alle fargane til opp til 256 toner frå svart til kvitt. All tekst vert skrive i svart. Ein bakgrunn sett med Format → Sideatil → Bakgrunn vert ikkje skrive ut.
Svart/kvitt omformar alle fargane til dei to verdiane svart og kvit. Alle kantane rundt objektet og all tekst vert skrive ut i svart. Ein bakgrunn sett med Format → Sidestil → Bakgrunn vert ikkje skrive ut.
I LibreOffice Writer kan du velja å skriva ut tekst formatert med fargar i svart-kvitt. Du kan velja å gjera dette anten for alle tekstdokument som vert skrive ut etterpå, eller berre for den gjeldande utskrifta.
Vel
eller .Vel deretter Skriv ut.
Under Innhald vel du Skriv ut i svart-kvitt og trykkjer på OK.
Alle tekstdokument og HTML-dokument vert nå skrive ut med svart tekst.
Vel Fil → Skriv ut og trykk deretter på fana LibreOffice Writer.
Merk av for Utskrift i svart og trykk Skriv ut.