LibreOffice 25.2 Hjelp
Innhald som er lagra i utklippstavla kan limast inn i dokumentet ved å bruka ulike format. I LibreOffice kan du velja korleis innhaldet skal setjast inn ved hjelp av eit dialogvindauge eller ein nedtrekksknapp.
Vala som er tilgjengelege er avhengige av innhaldet i utklippstavla.
I tekstdokument i Writer kan du lima inn uformatert tekst frå utklippstavla ved å trykkja
+ Shift + V.Viss ein tekst som er klipt eller kopiert frå Writer er omgjeve av mellomrom, vert han sett på som eit sett med ord. Når han vert limt inn, vil Writer omsluta han med mellomrom for å behalda han som eit sett med ord: skild med mellomrom frå andre teikn, men unngå duplisering av mellomrom. Viss teksten vert limt inn som uformatert tekst, vert denne vurderinga ignorert og teksten vert limt inn som han er, utan å leggja til mellomrom.
Trykk på pila til høgre for knappen Lim inn på standardverktøylinja for å opna menyen.
Vel eitt av alternativa.
Viss du ikkje likar resultatet, kan du trykkja på knappen Angra og eventuelt lime inn eit av dei andre alternativ.
Vel Rediger → Lim inn utval.
Vel eit av alternativa og trykk på OK.
Viss du er i eit rekneark og innhaldet på utklippstavla er reknearkceller, vil dialogvindauget Lim inn utval sjå litt annleis ut. Bruk dialogvindauget Lim inn utval til å kopiera celler ved hjelp av grunnleggjande eller avanserte alternativ.
Byt rader og kolonnar: gjer radene om til kolonnar og kolonnane om til rader i celleområdet som skal limast inn.
Lenkje: limer celleområdet inn som ei lenkje. Viss kjeldefila vert endra, vil også innhaldet i cellene du har limt inn endra seg.
Dei andre alternativa er forklarte i hjelpa som kjem fram når du i LibreOffice Calc trykkjer på dialogvindauget Lim inn utval.