Lasta inn farge-, fargeovergang- og skraveringspalettar

Du kan bruka LibreOffice-utvidingar for å leggja til fargepalettar, gradientlister eller skraveringsmønster.

Slik lastar du inn ein fargepalett:

Direkte frå utvidingshandsamaren

Viss du har ein eigendefinert palett tilgjengeleg som utviding, bruk utvidingshandsamaren for å lasta paletten inn i LibreOffice:

  1. Open the Utvidingshandsamaren.

  2. Trykk Legg til

  3. Vel filtypen (til vanleg ei fil med filutvidinga oxt)

  4. Trykk OK. Du vert beden om å starta LibreOffice på nytt.

Frå dialogvindauget «Område»

Ved å laste inn fargepalettar frå dialogvindauget «Område», får du eit dialogvindauge med alle fargepalettane som er tilgjengelege på nettstaden for LibreOffice-utvidingar.

  1. Vel Format → Område og trykk på fana Fargar.

  2. Trykk på knappen Legg til fargepalett via utvidingar. Det vert då vist eit dialogvindauge med alle tilgjengelege fargepalettar på utvidingssida LibreOffice.

  3. Finn fargelista du vil lasta inn, og trykk deretter Installer.

  4. Lukk dialogvindauget for utvidingar. Du vert beden om å starta LibreOffice på nytt.

Om palettane for standardfargar

Fargelista freieFarbe HLC er basert på CIELAB-modellen og er optimert for profesjonell CMYK-utskrift.

Fargane i kompatibilitets- og HTML-palettane er optimaliserte for skjermar med ei oppløysing på 256 fargar.

Palettane «LibreOffice» og «Material» inneheld dei offisielle LibreOffice- og Material Design-palettene.

Den «tonale» paletten gjev eit sett med fargar organisert etter luminanskontrast som fungerer på tvers av ulik maskinvare.

Slik lastar du ein fargeovergangs- og skraverings-palett:

Direkte frå utvidingshandsamaren

Viss du har ein eigendefinert palett tilgjengeleg som utviding, bruk utvidingshandsamaren for å lasta paletten inn i LibreOffice:

  1. Open the Utvidingshandsamaren.

  2. Trykk Legg til

  3. Vel filtypen (til vanleg ei fil med filutvidinga oxt)

  4. Trykk OK. Du vert beden om å starta LibreOffice på nytt.

Støtt oss!