LibreOffice 25.2 Hjelp
Ikkje alle skrivarane kan skriva heilt ut til kantane på papiret. Dei fleste let det stå igjen ein tom marg.
LibreOffice har ein halvautomatisk funksjon som let deg skriva ut så langt ut mot papirkantane som mogleg.
Sjå etter at skrivaren er sett opp under Fil → Skrivarinnstillingar.
Sjå etter at du ikkje har merkt Vevoppsett i Vis-menyen.
Vel kommandoen Format → Sidestil og gå til fana Side.
Under Margar kan du velja den største eller den minste moglege verdien for sidemargane (venstre, høgre, øvst og nedst). Plasser markøren i den aktuelle talboksen og trykk «Page Up» eller «Page Down». Førehandsvisinga viser ei linje rundt området som kan skrivast ut.
Trykk på OK for å lukka dialogvindauget.