LibreOffice 25.2 Hjelp
LibreOffice kan kryptera dokument ved å kryptera med OpenPGP offentlege nøklar. Dokumentet vert kryptert med ein symmetrisk krypteringsalgoritme.
GPG-signering fungerer berre for ODF-dokument.
LibreOffice kan kryptera dokument konfidensielt med OpenPGP. Dokumentet vert kryptert med ein symmetrisk krypteringsalgoritme som krev ein symmetrisk nøkkel. Kva symmetriske nøkkel vert brukt berre éin gong og vert også kalla ein økt-nøkkel. Dokumentet og den tilhøyrande økt-nøkkelen vert sendt til mottakaren. Økt-nøkkelen må sendast til mottakarane slik at dei vet korleis dokumentet skal krypterast, og vert overført kryptert med mottakaren sin offentlege nøkkel. Berre mottakaren sin private nøkkel kan brukast for å opna dokumentet.
LibreOffice brukar OpenPGP-programmet som ligg i datamaskinen. Dersom dette programmet ikkje er installert, nå du lasta ned den versjonen som passar datamaskinen du brukar frå der du til vanleg lastar ned slike program.
Her er nokre eksterne GPG-program som verkar i LibreOffice:
gpg4win på Windows
GPG Suite på macOS
På Linux er det som oftast ferdig installert:
gnupg - ei kommandolinje for å signering, kryptering og nøkkelhandsaming.
Grafiske program for gnupg som Seahorse (gnome), Kleopatra og KGpg (KDE).
gpgme - eit programgrensesnitt (API) for å laga program med GPG.
Du må definera eit personleg par med krypteringsnøklar med OpenPGP-programmet. Sjå i det installerte OpenPGP-programmet om korleis du gjer dette. Som oftast er dette det første du gjer etter at programmet er installert.
Vel menyen . I området Kryptografi:
Kryptering med OpenPGP krev at det vert brukt mottakaren sin offentlege nøkkel og at denne nøkkelen er tilgjengeleg OpenPGP si liste over nøklar lagra i datamaskinen. Slik krypterer du eit dokument:
Vel
,Skriv inn eit filnamn.
Kryss av for
i avkryssingsboksen.Trykk
. LibreOffice vil nå opna dialogvindauget der du kan velja OpenPGP offentleg nøkkel.Merk av for mottakaren sin offentlege nøkkel. Du kan velja fleire nøklar samtidig.
Trykk
for å lukka dialogvindauget og lagra fila.Fila er nå lagra kryptert med dei valde offentlege nøklane.
Berre mottakaren sin private nøkkel kan dekryptera dokumentet, dersom du ikkje krypterte det for deg sjølv i tillegg.
Det er berre råd å dekryptera dokument som er krypterte med den offentlege nøkkelen din. Slik dekrypterer du eit dokument:
Opna dokumentet. Det kjem opp spørsmål om passord.
Skriv inn passordet for den private nøkkelen i OpenPGP. Dokumentet vert å dekryptert og innhaldet er tilgjengeleg.
Begge kommandoane er konfidensielle, men på ulike måtar.
Når du lagrar eit dokument med passord, må du hugsa passordet for å få opna dokumentet igjen. Alle andre som har behov for å opna dokumentet, må også kjenna til passordet. Passordet må såleis overførast dersom andre skal bruka det.
Filer som er krypterte ved å lagra med passord, kan ikkje dekrypterast utan dersom det lagra passordet er med.
Når du krypterer eit dokument med OpenPGP definerer du kven som skal kunna dekryptera dokumentet. Du treng såleis ikkje senda eit passord via meir elller mindre trygge kanalar. I tillegg handsamar OpenPGP rekkja av offentlege nøklar meir effektivt.