LibreOffice 24.8 Hjelp
Punktmerking og nummerering av avsnitt er berre støtta i Writer, Impress og Draw.
Du kan slå av automatisk nummerering og listing i det gjeldande eller merkte avsnittet. Trykk på ikonet Inga liste på verktøylinja Formatering. Listeinnrykket vert også fjerna.
Ikonet for inga liste
Viss markløren er i ei punktliste eller ei nummerert liste, kan du slå av automatisk nummerering eller punkt i det gjeldande eller merkte avsnittet ved å trykkja på ikonet Slå usortert liste av/på på verktøylinja Tekstformatering.
Ikonet «Slå usortert liste av/på»
Slik fjernar du eit tal eller punkt frå eit avsnitt medan du beheld listeinnrykket:
Set markøren ved byrjinga av eit avsnitt i lista og trykk på tasten rettetasten.
Nummereringa av avsnittet forsvinn og vert fjerna frå nummereringssekvensen. Nummereringa held fram i neste avsnitt
Trykk Shift + Rettetasten i byrjinga av eit listeavsnitt for å få tilbake talet eller punktteiknet.
Trykk på Enter-tasten på eit tomt nummerert avsnitt for å stoppa nummereringa.