Bruka Microsoft Office og LibreOffice

LibreOffice kan opna og lagra dokument i Microsoft Office-filformata, inklusive Microsoft Office Open XML-formata.

Opna ei Microsoft Office-fil

  1. Vel Fil → Opna. Vel ei Microsoft Office-fil i dialogvindauget for opning av filer i LibreOffice.

MS Office-fil …

… vert opna i LibreOffice-modulen

Microsoft Word, *.doc, *.docx

LibreOffice Writer

Microsoft Excel, *.xls, *.xlsx

LibreOffice Calc

Microsoft PowerPoint, *.ppt, *.pps, *.pptx

LibreOffice Impress


Lagra som ei Microsoft Office-fil

  1. Vel Fil → Lagra som.

  2. Vel eit Microsoft Office-filformat i feltet Filtype.

Lagra dokument i Microsoft Office-format som standard

  1. Vel Last inn/lagra → Generelt.

  2. I Standard filformat og ODF-innstillingar vel du først ein dokumenttype og deretter filtypen som skal brukast ved lagring.

Frå nå av vert Filtype automatisk sett til det du valde kvar gong eit dokument vert lagra. Du kan sjølvsagt om ønskjeleg velja ein annan filtype i dialogvindauget.

Konvertera fleire Microsoft Office-filer til OpenDocument-format

Dokumentkonvertering vil kopiera og konvertera alle Microsoft Office-filer i ei mappe til LibreOffice-dokument i OpenDocument-filformat. Du kan velja mappa som inneheld filene som skal lesast og kva mappe dei konverterte filene skal lagrast i.

  1. Vel Fil → Vegvisarar → Dokumentkonvertering for å starta vegvisaren.

Makroar i Microsoft Office og LibreOffice

Microsoft Office og LibreOffice kan ikkje køyra den same makrokoden. Microsoft Office brukar VBA-kode (Visual Basic for Applications) og LibreOffice brukar Basic-kode basert på API-miljøet (Application Program Interface) i LibreOffice. Sjølv om programmeringsspråket er det same, er objekta og metodane ulike.

Merknadsikon

Dei nyaste versjonane av LibreOffice kan køyra ein del Excel Visual Basic-skript viss du slår på denne eigenskapen i → Last inn/lagra → VBA-eigenskapar.


Viss du brukar makroar i eit av programma og vil bruka dei same funksjonane i det andre programmet, må du redigera makroane. LibreOffice kan lasta inn makroane som finst i Microsoft Office-filer. Dermed kan du visa og redigera makrokoden i LibreOffice Basic-IDE.

Du kan velja å behalda eller sletta VBA-makroar

Opna eit Microsoft Office-dokument som inneheld VBA-makrokode. Gjer berre endringar i det normale innhaldet (tekst, celler, bilete), ikkje rediger makroane. Lagra dokumentet som ein Microsoft Office-filtype. Opna fila i Microsoft Office og VBA-makroane vil køyra som før.

Du kan sletta VBA-makroane frå Microsoft Office-fila når ho vert lasta inn eller lagra.

  1. Vel Last inn/lagra → VBA-eigenskapar for å setja opp handsaminga av VBA-makroen i LibreOffice.

Om konvertering av Microsoft Office-dokument

Opna dokument

Opna dokument som er lagra i andre format

Lagra dokumenta i andre format

Støtt oss!