Om konvertering av Microsoft Office-dokument

LibreOffice kan opna dokument frå Microsoft Office 97/2000/XP automatisk. Enkelte eigenskapar for utforming og formatering i meir komplekse Microsoft Office-dokument vert handterte annleis i LibreOffice eller vert ikkje støtta. Dette kan føra til at dei konverterte filene må omformaterast manuelt. Kor mykje omformatering som ein må rekna med veks proporsjonalt med kor kompleks strukturen og formateringa er i det opphavlege dokumentet. LibreOffice kan ikkje køyra Visual Basic-skript, men kan lasta dei ned og visa dei.

Merknadsikon

Dei seinaste versjonane av LibreOffice kan henta inn og lagra dokumentformata Microsoft Office XML av filtypane docx, xlsx og pptx. Dei same versjonane kan også køyra nokre Excel Visual Basic-skript viss du aktiverer denne funksjonen med → Opna/lagra → VBA-eigenskaper.


Listene nedanfor viser ei oversikt over Microsoft Office-funksjonar som kan laga konverteringsproblem. Dette påverkar ikkje eit mogleg arbeid med innhaldet i det konverterte dokumentet.

Microsoft Word

  1. Autofigurar

  2. Revisjonsmerke

  3. OLE-objekt

  4. Visse kontrollelement og Microsoft Office-skjemafelt

  5. Register

  6. Tabellar, rammer og formatering av fleire kolonnar

  7. Hyperlenkjer og bokmerke

  8. Microsoft WordArt-grafikk

  9. Animert teikn/tekst

Microsoft PowerPoint

  1. Autofigurar

  2. Tabulator, linje- og avsnittsavstand

  3. Master bakgrunnsbilete

  4. Grupperte objekt

  5. Visse multimediaeffektar

Microsoft Excel

  1. Autofigurar

  2. OLE-objekt

  3. Visse kontrollelement og Microsoft Office-skjemafelt

  4. Pivottabellar

  5. Nye diagramtypar

  6. Vilkårsformatering

  7. Nokre funksjonar/formlar (sjå nedanfor)

Eit eksempel på skilnadane mellom Calc og Excel er handsaminga av logiske verdiar. Skriv SANN i cellene A1 og A2.

Merknadsikon

Du kan finna ei detaljert oversikt over konvertering av dokument til og frå Microsoft Office-format på Migration Guide


Opna Microsoft Office-dokument som er verna med passord

LibreOffice kan opna desse Microsoft Office-dokumenttypane som er verna med eit passord.

Microsoft Office-format

Krypteringsmetode som har støtte

Word 6.0, Word 95

Svak XOR-kryptering

Word 97, Word 2000, Word XP, Word 2003

Office 97/2000-kompatibel kryptering

Word XP, Word 2003

Svak XOR-kryptering frå eldre versjonar av Word

Excel 2.1, Excel 3.0, Excel 4.0, Excel 5.0, Excel 95

Svak XOR-kryptering

Excel 97, Excel 2000, Excel XP, Excel 2003

Office 97/2000-kompatibel kryptering

Excel XP, Excel 2003

Svak XOR-kryptering frå eldre versjonar av Excel


Microsoft Office-filer som er krypterte med AES128, kan opnast. Andre krypteringsmetodar er ikkje støtta.

Støtt oss!