Malar i malhandsamaren

Den tilrådde måten å arbeida med malar, er å bruka Malhandsamaren og kommandoane i undermenyane Rediger mal og Lagra som mal i Fil → Malar. Desse kommandoane er tilstrekkelege for grunnleggjande handsaming av malar i LibreOffice.

Denne rettleiinga forklarar korleis filsystemet arbeider saman med malhandsaminga. Denne informasjonen er spesielt nyttig viss du vil administrera mapper direkte, men likevel vera koordinert med malhandsaminga.

Arbeida med malfiler

Malhandsamaren kjenner igjen malfiler ut frå filetternamnet. Desse utvidingane vert kjende igjen:

Program

Utvidingar

Writer

.ott .otm .oth .stw .dot .dotx

Calc

.ots .stc .xlt .xltm .xltx

Impress

.otp .pot .potm .potx .sti

Draw

.otg .std


Du finn informasjon om kva utvidingane betyr i Filkonvertering.

Arbeida med malnamn

Malhandsamaren syner tittelfeltet for eit dokument som namn på malen. Så lenge tittelfeltet ikkje er tomt, har ikkje filnamnet noko verknad på namnet på malen vist i malhandsamaren. Viss feltet er tomt, vert filnamnet vist, utan utvidinga, som namn på malen.

note

Dersom to malar har nøyaktig den same oppføringa i tittelfeltet og høyrer til den same kategorien, vert berre ein av dei vist i malhandsamaren.


Titlane skil mellom store og små bokstavar. Viss for eksempel ein mal i Mine malar har tittelen a4 og ein annan A4, vil begge verta viste i malhandsamaren. Viss begge har tittelen A4, vert berre den eine vist.

Viss fleire malar har den same tittelen men høyrer til ulike kategoriar, vert alle malane viste i malhandsamaren. Viss tre malar heiter A4, men høyrer til ulike kategoriar, vert alle tre viste med namnet A4.

Du kan redigera tittelfeltet ved å velja Fil → Eigenskapar → Skildring. Viss du har endra tittelfeltet, vert den nye tittelen vist som malnamn i malhandsamaren. Du kan også bruka kommandoen Gje nyttt namn i sprettoppmenyenfor ein mal. Også då vert tittelfeltet endra til det nye namnet.

Viss du brukar dialogvindauget Fil → Lagra som mal vert namnet du skriv inn her brukt som namn på fila og i tittelfeltet. Endrar du filnamnet seinare, vil malen framleis vera synleg i malhandsamaren med namn i høve til tittelfeltet.

note

Tittelfeltet for ein mal vert teken med i tittelfeltet på nye dokument som vert oppretta frå malen.


Kontroll med kva filer som vert viste i malhandsamaren

Malhandsamaren viser malar som er plasserte i dei mappene som er definerte i dialogvindauget Stiar for malar. Du finn dialogvindauget ved å velja → LibreOffice → Stiar og velja Malar og så trykkja på Rediger.

Interne stiar

Mappene i interne stiar kan ikkje endrast. Dei identifiserer plasseringa av dei malane som er definerte på førehand. Desse mappene vert alltid viste i malhandsamaren.

Brukarstiar

Standardinnstillinga for brukarstiar er i undermappa malar i brukarprofilen. Plasseringa av mappa {user profile} vart bestemt då LibreOffice vart installert. Sjå Standardplasering på Wiki-sida om LibreOffice brukarprofil for fleire opplysningar om typiske plasseringar av user profile under ulike operativsystem.

Malar i mappene som er viste i brukstien og undermappene der, vert viste i malhandsamaren. Undermapper i undermapper vert ikkje oppdaga.

Du kan leggja til fleire mapper i brukarstien. Det må vera minst éi mappe i brukarstien, men det er ingen grenser for kvar ho er plassert.

note

Det er ingen god ide å leggja til ei dokumentmappe i rota eller ei anna mappe på høgt nivå, i brukarstien for malen. Alle undermappene i ei mappe i brukarstien vert viste malhandsamaren som kategoriar.


Dersom du har meir enn éi mappe i brukarstien, må du velja kva mappe som skal brukast for å lagra eit dokument som mal når du brukar Fil → Lagra som mal.

Knappen Standars set brukarstien tilbake til den opphavlege innstillinga frå då LibreOffice vart installert.

Arbeida med kategoriar

Namna på undermappene i dei brukardefinerte mappen vert viste som kategorinamn i malhandsamaren. Viss du gjev ein kategori eit nytt namn, vert undermappene likevel brukte med det nye kategorinamnet som er lagra i groupuinames.xml i den valde standardstien.

Når ein kategori er merkt, vert alle malane i denne undermappa viste i malhandsamaren viss Alle program er valde i Filter.

Ein kategori kan berre visa malar i sine eigne undermapper, med to unnatak.

Det er ikkje råd å ha kategoriar i kategoriar sidan undermapper ikkje vert attkjende.

Du kan endra namnet på og sletta kategoriar berre i standardstien som er vald i dialogvindauget Rediger stiar.

warning

Viss du slettar ein kategori som har undermapper i den valde standardstien, vert også filene i undermappene som er kopla til kategorien sletta.


Støtt oss!