LibreOffice 24.8 Hjelp
LibreOffice kan ta opp kommandoar utførte med tastaturet og musa i Writer og Calc
Opna dokumentet du vil ta opp ein makro for.
Vel Verktøy → Makroar → Opptak av makro
Viss menyvalet Verktøy → Makroar → Opptak av makro manglar, sjå etter at opptak av makroar er slått på i → LibreOffice → Avansert.
Du vil nå sjå det vesle dialogvindauget Opptak av makro som har ein einaste knapp: Stopp opptak.
Utfør handlingane du vil ha med i makroen.
Trykk på «Escape»-tasten viss du vil oppheva merkinga av eit objekt fordi opptaksfunksjonen for makroar for tida ikkje kan ta opp denne handlinga når ho vert utført med museklikk.
Trykk på Stopp opptak.
Dialogvindauget Makro vert opna. Her kan du lagra og køyra makroen.
Viss du vil avbryta opptaket utan å lagra ein makro, kan du trykka på Lukk i dialogvindauget Opptak av makro.
Når du skal lagra makroen, må du først velja objektet der du vil lagra makroen, under Lagra makroen i.
Viss du vil lagra makroen i eit nytt bibliotek eller i ein ny modul, trykk på Nytt bibliotek eller Ny modul og skriv inn eit namn på biblioteket eller modulen.
Skriv inn eit namn på den nye makroen i tekstfeltetMakronamn. Ikkje bruk nøkkelord frå Basic som namn.
Trykk OK.
Desse handlingane vert ikkje tekne opp:
Opning av vindauge vert ikkje registrert.
Handlingar som vert utførte i andre vindauge enn vindauget der opptakaren vart starta, vert ikkje teke opp.
Byte av vindauge vert ikkje registrert.
Handlingar som ikkje er knytt til innhaldet i dokumentet vert ikkje teke opp. Eksempel på slike handlingar er endringar i dialogvindauget «Innstillingar», organisering av makroar og tilpassingar.
Utval vert berre teke opp viss dei vert gjort ved hjelp av tastaturet (markørflytting), men ikkje når musa vert brukt.
Makroopptakaren verkar berre i Calc og Writer.