LibreOffice 24.8 Hjelp
Verktøylinja Eigenskapar for teikneobjekt inneheld knappar og kombinasjonsboksar du kan bruka til å bestemma ulike linjeeigenskapar.
Vel ikonet Linje for å opna dialogvindauget for Linje.
Trykk på knappen Pilstil for å velja ein pilstil for venstre og høgre linjeslutt.
Vel ein stil frå boksen Linjestil og vel breidda i boksen Linjebreidde. Ei breidde på 0 svarar til 1 piksel.
Vel linje- og pilfargen du vil bruka i boksen Linjefarge.