Teikna linjer i tekst

Du kan setja inn linjer i teksten og sjølv velja vinklar, breidd, farge og andre eigenskapar for desse.

Du kan definera eigenskapar og retning for linjer ved å bruka teikneobjektet Linje slik:

  1. Ikon Vis teiknefunksjonar

    Trykk på Vis teiknefunksjonar på standardverktøylinja for å opna verktøylinja Teikning

  2. Ikon Linje

    Trykk på ikonet Linje. Musepeikaren endrar utsjånad til eit trådkors med ei linje ved sida.

    Trykk i dokumentet du der du vil at linja skal byrja. Hald museknappen nede og dra til punktet der du vil at linja skal slutta. Viss du held nede «Skift» medan du dreg, kan du berre teikna vassrette, loddrette og diagonale linjer.

  3. Ikon Vel objekt

    Slepp museknappen når linja har retninga og lengda du ønskjer. Nå kan du teikna fleire linjer. Du kan avslutta denne funksjonen ved å trykkja på «Escape»-tasten eller på knappen Vel på verktøylinja Teikning.

Når du har trykt på knappen Vel, kan du merkja alle linjene samstundes ved å trykkja på kvar linje medan du held «Shift»-tasten nede. Når du merkjer eit utval på denne måten, kan du gje alle linjene ein felles farge, ei felles breidd eller andre eigenskapar.

  1. Lag ei vassrett linje ved å bruka den førehandsdefinerte avsnittsstilen Vassrett linje. Set skrivemerket i eit tomt avsnitt og dobbeltklikk på stilen Vassrett linje i stilhandsamaren. Viss du ikkje ser oppføring for vassrette linjer i lista med avsnittsstilar, vel du «Alle stilar» i lista nedst i stilhandsamaren.

  2. Du kan teikna ei linje over, ved sida av eller under eit avsnitt i eit Writer-tekstdokument ved å velja Format → Avsnitt → Kantlinjer.

Automatiske linjer i Writer

  1. Viss du byrjar ei ny linje i eit Writer-tekstdokument ved å skriva inn tre eller fleire bindestrekar og trykkjer Enter, vert teikna fjerna og det førre avsnittet får ei kantlinje nedst.

    Du kan laga ei enkelt linje ved å skriva inn tre eller fleire bindestrekar (-) eller understrekar ( _ ) og så trykkja på «Enter». Viss du vil setja inn ei dobbelt linje, skriv du inn tre eller fleire er likskaps-teikn (=), stjerner (*), tilde (~) eller nummerteikn (#) og så trykkjer på «Enter».

  2. For å fjerna ei automatisk teikna kantlinje, vel Format → Avsnitt → Kantlinjer og - Ingen -.

  3. Viss du slettar ei kantlinje som er sett inn automatisk, men angrar slettinga, kan du få tilbake kantlinja ved å velja Rediger → Angra.

  4. For å slå av automatiske kantlinjer, vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting og fjern merkinga framføre Bruk kantlinje.

warning

Strekar og andre teikningar du set inn i tekst, vert ikkje definerte i HTML og vert difor heller ikkje eksporterte til formatet. I staden vert dei eksporterte som bilete.


tip

Når du skriv inn linjebreidd, kan du leggja til ei måleeining. Ei breidd på null resulterer ei hårfin linje med ei breidd på éin piksel i visinga på visingsmediet.


Støtt oss!