LibreOffice 24.8 Hjelp
Språket du vel for dokumentet bestemmer kva for ordliste som skal brukast for stavekontroll, synonymordliste og orddeling. Dessutan også standard valutaformat og kva desimal- og tusenskiljeteikn som skal brukast.
Språket du vel, gjeld for heile dokumentet.
Inne i dokumentet kan du leggja til eit anna språk for kva avsnittstil som helst. Dette har forrang over språket for heile dokumentet.
Du kan tildela eit språk til valde delar av teksten inne i eit avsnitt, anten ved hjelp av direkte formatering eller med ein teiknstil. Denne tildelinga har forrang over avsnittstilen og dokumentspråket.
Under Standardspråk for dokument vel du dokumentspråket for alle nye dokument du lagar. Viss du merkjar av for Berre for det gjeldande dokumentet, vert språkvalet brukt berre på det gjeldande dokumentet. Lukk dialogvindauget med OK.
Plasser skrivemerket i avsnittet som har avsnittstilen du vil redigera.
Opna sprettoppmenyen og vel Rediger avsnittsstil for å opna dialogvindauget Avsnittsstil.
Vel fana Skrift.
Vel språket du vil bruka i Språk og trykk på OK.
Alle avsnitt som er formaterte med den aktuelle avsnittsstilen, vil få det valde språket.
Merk teksten du vil bruka eit språk på.
Vel Format → Teikn for å opna dialogvindauget Teikn.
Vel fana Skrift.
Vel språket du vil bruka i Språk og trykk på OK.
I LibreOffice Calc vel du Format → Celler og held fram på tilsvarande måte.
Opna stilhandsamaren og trykk på Teiknstilar.
Trykk på namnet til den teiknstilen du vil bruka eit anna språk på.
Høgreklikk for å opna sprettoppmenyen og vel
for å opna dialogvindauget .Vel fana Skrift.
Vel språket du vil bruka under Språk og trykk på OK.
Nå kan du bruka denne teiknstilen på den merkte teksten.
Ordlister vert leverte og installerte som utvidingar. Vel
for å opna ordlistesida i nettlesaren.Vel ei ordliste i lista med skildringar. Klikk på overskrifta i ei ordlisteskildring som du vil ha.
Klikk på ikonet Get it på den neste sida for å lasta ned ordlisteutvidinga. Legg merkje til kva mappenamn nettlesaren lagrar fila i. Du kan også lasta ned fleire ordlister
Vel Legg til for å installera dei nedlasta utvidingane.
i LibreOffice og trykk påNår du har installert utvidinga bør du lukka LibreOffice (også snøggstarten) og starta programmet på nytt.
Ein standardinstallasjon av LibreOffice gjev deg eit brukargrensesnitt (UI) med det valde språket.
Viss du har ein norsk versjon, har du brukargrensesnittet og hjelp på norsk. Ønskjer du å bruka eit anna språk i menyar, dialogvindauge (og hjelpa viss ho er omsett til det valde språket), kan du endra språket som vert brukt i brukargrensesnittet på denne måten:
Vel
.Vel eit anna språk for brukargrensesnittet i lista «Brukargrensesnitt».
Trykk OK og start LibreOffice på nytt.
Viss språket du vil bruka ikkje finst i lista, sjå «Leggja til fleire språk for brukargrensesnitt».