Skriva ut adresseetikettar

  1. Vel Fil → Ny(tt) → Etikettar for å opna dialogvindauget Etikettar.

  2. Vel formatet for etikettarka du vil skriva ut på fana Etikettar.

  3. Vel databasen og tabellen som du vil henta data frå.

  4. Merk eit databasefelt med innhald som du vil skriva ut. Klikk på knappen som vert vist som ei venstrepil for å setja inn databasefeltet i feltet «Etikett».

    Hald fram med å merkja og setja inn databasefelt viss du vil ha fleire felt på kvar etikett. Du kan trykkja Enter for å setja inn ei ny linje og du kan skriva eit teikn for å setja inn fast tekst.

  5. Viss du vil skriva inn meir tekst, leggja til formatering eller setja inn bilete og strekkunst, slå på knappen Synkroniser innhald på fana Val. Viss du slår på denne, vert eit lite vindauge med ein synkroniseringsknapp vist like etter at du lukker dialogvindauget «Etikettar». Nå treng du berre å arbeida på den første etiketten i dokumentet og så klikka på synkroniseringsknappen for å kopiera til resten av etikettane i dokumentet.

  6. Trykk på Nytt dokument.

  7. Når du ser etikettdokumentet, vil du kanskje slå på Vis → Feltnamn mellombels. Dette viser felta på ein meir oversiktleg måte slik at du lettare kan arrangera og redigera innhaldet.

  8. Du kan lagra og skriva ut etikettdokumentet.

Når du skal skriva ut dokumentet, vert du spurd om du vil skriva ut eit standardbrev. Svar «Ja» for å opna dialogvindauget brevfletting der du vel postane som du vil skriva ut etikettar for.

Støtt oss!