Laga og skriva ut etikettar og visittkort

Utforma visittkort ved hjelp av eit dialogvindauge

Velg Fil → Ny(tt) → Visittkort for å opna dialogvindauget Visittkort, der du kan velja korleis visittkorta skal sjå ut.

Utforma etikettar og visittkort

Du kan utforma både etikettar og visittkort med dialogvindauget Etikettar.

  1. Vel Fil → Ny(tt) → Etikettar for å opna dialogvindauget Etikettar.

  2. Vel format for etikettar under Format på fana Etikettar.

    LibreOffice Writer inneheld mange format av kommersielt tilgjengelege ark for etikettar, skilt og visittkort. Du kan også leggja til andre sjølvvalde format.

  3. Du kan velja kva som skal stå på etikettane under Etikettekst på fana Etikettar.

    Dette involverer ofte databasefelt, så etikettar kan skrivast ut med varierande innhald når ein for eksempel sender ut «standardbrev». Det er også mogleg å skriva ut den same teksten på alle etikettane.

    Bruk listene Database og Tabell til å velja databasen og tabellen som datafelta skal hentast frå. Trykk på pilknappen for å overføra det valde datafeltet til tekstområdet. Trykk «Enter» viss du vil setja inn eit linjeskift. Du kan også skriva inn mellomrom og anna fast tekst.

    På fana Format kan du definera eigne etikettformat som ikkje finst mellom formata som er definerte på førehand. Dette gjer du ved å velja «Brukar» i feltet «Type» i fana Etikettar. På fana Val kan du velja om du vil laga alle etikettane eller berre nokre av dei.

  4. Kontroller at det er merkt av for Synkroniser innhaldet i fana Val. Viss denne avkryssingsboksen er merkt, er det nok at du skriv inn og redigerar innhaldet til berre ein etikett (etiketten øvst til venstre).

  5. Trykk på Nytt dokument for å laga eit nytt dokument med innstillingane du har vald.

  6. Så snart du trykkjer på Nytt dokument, vil du sjå eit lite vindauge med knappen Synkroniser etikettane. Skriv inn innhaldet til den første etiketten. Når du trykkjer på Synkroniser etikettane, vert innhaldet frå den gjeldande etiketten kopiert til alle dei andre etikettane på arket.

Støtt oss!