Snøggtastar (tilgjengelege i LibreOffice)

Du kan styra LibreOffice utan å bruka datamus, berre ved hjelp av tastaturet.

På hovudsida for kvar modul (for eksempel, hovudhjelpa for LibreOffice Writer eller LibreOffice Calc), finst det ei lenkje som viser til hjelpa for snartastane i denne modulen.

I tillegg kan du under nøkkelordet «Tilgjenge» finna rettleiingar med fleire steg som forklarar korleis du kan bruka den valde modulen utan mus.

Merknadsikon

Ein del av snartastane kan vera brukte av operativsystemet. Desse tastane vil i tilfelle ikkje vere tilgjengelege i LibreOffice. Du kan løyse dette problemet ved å velja andre snartastar, anten for LibreOffice ved hjelp av Verktøy → Tilpass → Tastatur eller i operativsystemet.


Arbeida med LibreOffice-brukargrensesnittet utan mus

Slå på menylinja, verktøylinjer, vindauge og dokument

Ved å trykka på F6 vil fokus sirkla gjennom desse objekta:

Trykk Shift + F6 for å sirkla gjennom objekta i motsett retning.

Trykk + F6 for å byta til dokumentet.

Trykk F10 for å byta til menylinja og tilbake.

Escape lukker ein opna undermeny, ei verktøylinje eller det gjeldande, ledige vindauget.

Kalla opp ein menykommando

Trykk eller F6 eller F10 for å velja den første menyen (Filmenyen). Med Pil høgre vert den neste menyen til høgre vald. Med Pil venstre vert den førre menyen vald.

Pil ned opnar den merkte menyen. Kvar gong du trykkjer Pil ned og Pil opp vert valet flytt gjennom menykommandoane. Med Pil høgre kan du opna ein eksisterande undermeny.

Trykk Enter for å utføra den merkte menykommandoen.

Utføra ein ikonkommando

Trykk F6 fleire gongar til den første knappen på verktøylinja er merkt. Bruk Pil høgre og Pil venstre for å velja ein knapp på ei vassrett verktøylinje. På same måten kan du bruka Pil opp og Pil ned for å velja ein knapp på ei loddrett verktøylinje. Viss du trykkjer Home, vert den første knappen på ei verktøylinje merkt og viss du trykkjer End, den siste.

Trykk Enter for å bruka det merkte ikonet. Viss den merkte knappen normalt krev at du også utfører ei handling med musa, som for å setja inn eit rektangel, er det ikkje nok å trykkja på Enter. I slike tilfelle må du trykkja + Enter.

Viss ei verktøylinje er for lang til å visast på skjermen, vert det vist ein knapp til høgre eller i underkant av verktøylinja. Merk verktøylinja og trykk Page Up eller Page Down for å visa resten av knappane.

Spesielle hint for verktøylinjer

Trykk Pil ned eller Pil høgre for å opna den valde verktøylinja. Dette svarar til eit museklikk. Bruk Pil høyre og Pil venstre i verktøylinja. Home og End merkjer den første og den siste knappen i verktøylinja.

Lukk verktøylinja ved å trykka på Escape. Det er ikkje råd å flytta verktøylinja utan mus.

Val frå ein kombinasjonboks

Kombinasjonsboks

Merk av i kombinasjonsboksen og trykk Enter.

Bruk Pil ned eller Page Down for å rulla nedover gjennom elementa i kombinasjonsboksen, og Pil opp eller Page Up til å rulla oppover. Home tar deg til det første elementet og End til det siste elementet.

Trykk Enter for å bruka det valde elementet.

Val i tabellar

I mange vindauge, dialogvindauge og i tabellkontrollfelt er det tabellar for å velja data. For eksempel i den høgre delen i Datakjeldevising. Desse tastane vert brukte for val i desse tabellane:

Storleik og plassering av vindauge og dialogvindauge

  1. Trykk først + Mellomrom.

    Nå vert det opna ein systemmeny som inneheld menykommandoar som Flytt, Endra storleik og Lukk.

  2. Vel ein kommando (trykk Pil ned og deretter Enter).

  3. Nå kan du bruka piltastane til å flytta eller endra storleiken på dialogvindauget eller vindauget.

  4. Trykk Enter for å godta endringa. Trykk Escape for å forkasta endringa.

Festa og losna vindauge og verktøylinjer

  1. Trykk F6 til vindauget eller verktøylinja er merkt.

  2. Trykk + Shift + F10.

Merkja objekt

Trykk Shift + F4 for å merkja det første objektet i det gjeldande dokumentet. Når eit objekt er merkt, trykk tabulatortasten for å merkja det neste objektet eller trykk Escape for å gå tilbake til teksten.

Redigera objekt

Eit merkt OLE-objekt kan slåast på med Enter.

Redigera plassering og storleik for objekt

Redigera ankera for objekt

Du kan flytte ankeret til eit objekt ved hjelp av piltastane. Gå først til tilstand for redigering av handtak og merk ankeret. Nå kan du flytta ankeret i ulike retningar, avhengig av ankertypen.

  1. Vel objektet.

  2. Gå til handtaksredigeringstilstand med + Tabulator.

  3. Det øvre, venstre handtaket byrjar å blinka. Trykk + Tabulator fleire gongar til ingen handtak blinkar. Dette betyr at forankringa av objektet er slått på.

  4. Bruk piltastane til å flytta ankeret. Objektet følgjer ankeret.

Du kan endra ankeret til det valde objektet i sprettoppmenyen til objektet.

Handtera skiljelinjene

LibreOffice Calc-, LibreOffice Draw- og LibreOffice Impress-dokument kan delast inn vassrett og loddrett i skilde visingar. Kvar vising kan syna ulike delar av dokumentet. Du kan bruka musa til å dra ei skiljelinje frå rullefeltet inn i dokumentet.

Handtera datakjeldevisinga

+ Shift + F4 opnar og lukker visinga av datakjeldene.

F6: Byter mellom dokumentet og verktøylinjene.

+ (plusstasten): Utvidar det merkte elementet i datakjeldeutforskaren.

- (minustast): Faldar saman det merkte elementet i datakjeldeutforskaren.

+ Shift + E: byter mellom datakjeldeutforskaren og tabellen.

Snøggtastar i vindauget for spørjingsutforming

F6: Skifter mellom objektlinja, tabellvisinga og utvalsområdet.

+ Pil opp eller + Pil ned: flyttar kanten mellom tabellvisinga og utvalsområdet opp eller ned.

Tastar i tabellvisinga (øvre området i spørjingsutforminga) og i vindauget for relasjonar

+ Piltast: flytter den valde tabellen i den retninga pila peikar.

+ Shift + Piltast: forandrar storleiken på den valde tabellen i tabellvisinga.

Delete: Fjernar den valde tabellen eller tilkoplinga frå tabellvisinga.

Tabulator: Byter mellom tabellar og koplingar i tabellvisinga.

Enter: Når ei kopling er merkt, opnar «Enter»-tasten dialogvindauget Eigenskapar for koplinga.

Enter: Når ein tabell er merkt, vil «Enter» fylla ut det første datafeltet frå listeboksen inn i utvalsområdet.

Tastar i utvalsområdet (den nedre delen av spørjingsutformingsvindauget)

+ Pil venstre pil eller Pil høgre: flytter den valde kolonnen til venstre eller høgre.

Tastar i vindauget for tabellutforming

F6: Skifter mellom verktøylinja, kolonnevisinga og eigenskapsområdet.

Kontrollere biletkartredigering

Handtera hjelpa

Trykk «Shift+F2» for å visa Utvida tips for kommandoen, knappen eller kontrollelementet som er merkt.

Navigera i hovudhjelpesidene

Kontrollera dialogvindauget for tekstimport (CSV-fil-import)

Linjal

Førehandsvising

Kontrollera dialogvindauget «Set inn → Spesialteikn»

Generelle snartastar i LibreOffice

Tilgjenge i LibreOffice

Støtt oss!