Setja inn spesialteikn
Med denne funksjonen kan du setja inn spesialteikn som hakar, boksar og telefonsymbol i teksten.
-
Du kan sjå alle tilgjengelege teikn ved å velja .
-
I det store utvalsfeltet dobbeltklikkar du på det teiknet du vil setja inn i dokumentet.
-
I eit tekstskrivefelt (for eksempel inndatafelt i dialogvindauget Søk og byt ut ) kan du trykka Shift + CmdCtrl+ S for å opna dialogvindauget Spesialteikn.
I Windows: For å setja inn eit teikn ved hjelp av den numeriske koden, trykk og hald nede Alt medan du skriv inn tala på det numeriske tastaturet. Kode som byrjar med 0 vert tolka som Unicode-teikn medan verdiar under 256 vert tolka i Windows si kodeside.
For tida er det tre måtar å skriva inn teikn med aksent direkte frå tastaturet.
Solaris: Ved bruk av eit Sun-tastatur trykk først tasten Compose til høgre for mellomromtasten og deretter første og andre modifiseringstasten.
Linux / NetBSD: Bruka dødtastane. I eit xterm-vindauge trykkjer du først på tasten (´) eller (`). Teiknet skal ikkje koma fram på skjermen. Deretter trykkjer du ein bokstav, for eksempel «e». Aksentteiknet vert nå lagt til bokstaven og skriv é eller è på skjermen. Dersom dette ikkje skjer, må du kontrollera om XF86Config-fila inneheld ein "nodeadkeys" XkbdVariant og bytte ut den. Du kan også ha aktivert miljøvariabelen SAL_NO_DEADKEYS, som deaktiverer dødtastane.
Alle Unix-system: «Alt Gr» som ekstra valtast. Tasten «Alt Gr» kan brukast i LibreOffice som valtast viss du definerer miljøvariabelen SAL_ALTGR_COMPOSE. Tasten «Alt Gr» må løysa ut ein modusbrytar (mode_switch), så difor må for eksempel xmodmap -e "keysym Alt_R = Mode_switch" vera sett. Trykk først ned «Alt Gr», så den første valtasten og deretter den andre. Teikna vert kombinerte slik som omtalt i Solaris-system i fila /usr/openwin/inkluder/X11/Suncompose.h.