Redigera biletobjekt

Vel Vis → Verktøylinjer → Teikning for å opna verktøylinja Teikning, viss ho ikkje er opna frå før.

Teikneobjekt kan redigerast og endrast etter når som helst. Teikneobjekt som er laga på denne måten er vektorbilete, og kan såleis skalerast utan tap av kvalitet.

Viss du vil teikna eit rektangel, kan du trykka på rektangelknappen og flytta musepeikaren til staden i dokumentet der du vil ha det eine hjørnet i rektangelet. Trykk ned museknappen og hald han nede medan du drar til det motsette hjørnet i rektangelet. Når du slepp museknappen, vert rektangelet sett inn i dokumentet. Rektangelet er merkt, og du kan redigera eigenskapane ved hjelp av sprettoppmenyen.

Merknadsikon

Klikk i eit område av dokumentet som ikkje inneheld objekt for å gå tilbake til normaltilstanden etter at du har oppretta eller redigert eit teikne-objekt. Viss du ser ein teiknemarkør, må du først gå ut av teiknetilstanden ved å trykka ikonet Vel.


Støtt oss!