Opna dokument som er lagra i andre format

Du kan opna eit dokument som er lagra i eit anna format på denne måten:

  1. Vis Fil → Opna.

  2. Vel eit format frå lista Filtype.

  3. Merk eit filnamn og trykk på Opna.

Viss du vil at fildialogvindauget alltid skal visa eit anna filformat som standard, vel → Last inn/lagra → Generelt og merk formatet som Standard filformat.

Gjer om alle dokumenta i ei mappe

Opna vegvisaren som viser deg korleis du kan kopiera og konvertera alle Microsoft Word, Microsoft Excel og Microsoft PowerPoint-dokument til OpenDocument-filformat. Du kan velja ei kjeldemappe og ei målmappe, og velja om du vil konvertera dokument og/eller malar og så vidare.

Støtt oss!