Leggja til klikkbare område i bilete

Med eit biletkart kan du leggja nettadresser inn i bestemte område (såkalla lenkjeområde) i eit bilete i eit dokument. Eit biletkart er ei gruppe som sett saman av eitt eller fleire lenkjeområde.

Du kan teikna tre slags lenkjeområde: rektangel, ellipsar og mangekantar. Når du trykkjer på eit lenkjeområde, vert nettadressa opna i nettlesarvindauget eller ramma du vel. Du kan òg velja teksten som skal verta vist når musepeikaren kviler på lenkjeområdet.

Slik legg du eit lenkjeområde som kan klikkast på i eit bilete

  1. Plasser markøren der du vil setja inn biletkartet i dokumentet.

  2. Vel Set inn → Bilete, merk og set inn eit punktbilete.

  3. Pass på at biletet er merkt og vel så Rediger → Biletkart i Writer og Calc eller. Verktøy → Biletkart i Impress og Draw. Dette vil opna vindauget for biletkartredigering med biletet i bakgrunnen.

  4. Bruk knappane i biletkartredigeringa til å teikna eit lenkjeområde, for eksempel eit rektangel, over biletet i bakgrunnen.

    Du kan få fram ein utvida hjelpetekst for funksjonane til kvart ikon ved å krysse av for «Utvida tips» i → LibreOffice → Generelt.

  5. Skriv inn «Adresse»-URL-en som skal visast i nettlesaren når ein brukar trykkjer på lenkjeområdet.

  6. Eventuelt kan du også skriva inn «Tekst» som vert vist som eit tips når brukaren plasserer peikaren på lenkjeområdet.

  7. Trykk på «Bruk» for å bruka endringa og lukk biletkartredigeringa.

  8. Lagra dokumentet i LibreOffice- eller i HTML-format.

Du kan lagra biletkartet som ei fil, som du for eksempel kan lasta opp til ein nettenar.

Biletkart

Eit biletkart er eit bilete eller ei ramme som du kan leggja referansar i. Du kan klikka på eit definert område på biletet eller ramma for å gå til eit mål ( URL) som er kopla med området. Referanseområda, saman med dei lenkja adressene og tilhøyrande tekst, vert vist når du held musepeikaren over desse områda som er definerte i Biletkartredigering .

Det finst to typar biletkart. Eit biletkart på klienten vert handsama i den nettlesaren som har henta det ned frå Internett, medan eit biletkart på tenaren vert handsama på den vevtenaren der nettsida ligg. Når biletkartet ligg på tenaren, sender nettlesaren koordinatane over til tenaren, og så svarar eit eige program på tenaren. Når biletkartet ligg på klienten, fungerer lenkjeområdet som ei vanleg tekstlenkje. Då vert nettadressa vist når du fører musepeikaren over biletkartet.

Sidan biletkart kan brukast på ulike måtar, kan dei òg lagrast i ulike format.

Biletkartformat

Dei to hovudtypane av biletkart er slike som vert handsama på tenaren og slike som vert handsama i nettlesaren.

Biletkart på tenaren

Biletkart på tenaren vert vist som eit bilete eller ei ramme på sida. Når du klikkar i biletkartet med musa, vert koordinata til museklikket sende over til tenaren. Eit eige program på tenaren avgjer då kva som skal skje. Det finst fleire ulike måtar å gjera dette på. Dei to vanlegaste er:

LibreOffice kan laga begge typar biletkart. Du vel format frå lista Filtype under Lagra som i dialogvindauget Biletkartredigering. Det vert laga eigne biletkartfiler som du må lasta opp til tenaren. Du må spørja nettleverandøren eller nettverksadministratoren om kva type biletkart som kan brukast på tenaren og korleis du får tilgang til biletkartprogrammet.

Biletkart på klienten

Området i biletet eller ramma som lesaren kan trykkja på, vert vist med ei lenkje til nettadressa som kjem fram når du fører musepeikaren over området. Biletkartet ligg som eit slags lag under biletet, og inneheld informasjon om områda med lenkjer. Den einaste ulempa med biletkart på klientsida er at nokre gamle nettlesarar ikkje forstår dei. Ein ulempe som vert mindre etter som tida går.

Når du lagrar biletkartet,vel du filtypen SIP - StarView ImageMap. Dette lagrar biletkartet direkte i eit format som kan brukast for alle bilete og rammer i dokumentet. Viss du skal bruka biletkartet berre på det gjeldande biletet, treng du ikkje lagra det i eit bestemt format. Etter å ha definert områda, trykk på Bruk. Meir er ikkje nødvendig. Klientside-biletkart lagra i HTML-format vert sette inn direkte i sida i HTML-kode.

Støtt oss!