Setja inn hyperlenkjer

Du kan setja inn hyperlenkjer på to måtar: Som tekst eller som ein knapp. Den synlege teksten kan vera ulik nettadressa.

Set markøren i dokumentet der du ønskjer å setja inn hyperlenkja eller merk teksten som du ønskjer å leggja hyperlenkja i. Vel Hyperlenkje frå Set inn på hovudmenyen. Du kan også trykkja på hyperlenkjeikonet Ikonstandardverktøylinja for å få opp dialogvindauget Hyperlenkje.

Tipsikon

Du kan også setja inn hyperlenkjer ved å dra og sleppa dei frå dokumentstrukturen. Hyperlenkjer kan visa til referansar, overskrifter, bilete, tabellar, objekt, mapper eller bokmerke.


Tipsikon

Viss du vil setja inn ei hyperlenkje som viser til Tabell1 i ein tekst, kan du dra elementet Tabell1 frå «Dokumentstruktur» og sleppa det i teksten. Du kan berre gjera dette viss du har vald dratilstanden Set inn som hyperlenkje i dokumentstrukturen.


Støtt oss!