LibreOffice 7.5 Hjelp
Når du held nede
og klikkar på ei hyperlenkje i eit Writer-dokument vert nettlesaren opna med den aktuelle nettadressa. Viss du ikkje brukar ei mus, plasser markøren inni hyperlenkja og opna sprettoppmenyen med Shift + F10 og vel «Opna hyperlenkje».I Writer-dokument kan du klikka kvar som helst i ei hyperlenkje og redigera den synlege teksten.
Dersom du går ut av hyperlenkja ved å setja markøren ein annan stad, vert berre den synlege teksten endra.
Viss du går ut av hyperlenkja ved å skriva inn eit mellomromsteikn rett etter det siste teiknet, vil autorettinga, viss denne funksjonen er slått på, endra måladressa til å verta den same som den synlege teksten.
I alle dokumenttypane kan du opna dialogvindauget for hyperlenkjer for å redigera ei hyperlenkje. Først set du markøren i eller rett framføre hyperlenkja og trykkjer deretter på knappen «Hyperlenkje» på standardverktøylinja.
Opna dialogvindauget Hyperlenkje slik som forklart ovanfor.
Opna stilhandsamaren
Trykk på ikonet for teiknstilar.
Høgreklikk på teiknstilen «Internett-lenkje» eller «Vitja Internett-lenkje» og vel Rediger.
Merk dei nye eigenskapane i dialogvindauget og trykk OK.
Hyperlenkjeknappane må redigerast i skjemamodus.
Vel menyen
og aktiver verktøylinja for skjemakontroll. Trykk på ikonet for utformingsmodus og deretter på knappen. Handtaka for knappen vert synlege.Opna sprettoppmenyen og vel
.Rediger eigenskapane i dialogvindauget.