Setja inn objekt frå galleriet

Du kan setja inn eit objekt i eit dokument anten som ein kopi eller som ei lenkje. Ein kopi av eit objekt er uavhengig av det opphavlege objektet. Endringar i det opphavlege objektet påverkar ikkje kopien. Ei lenkje er alltid avhengig av det opphavlege objektet. Endringar i det opphavlege objektet vert også viste på kopien.

Setja inn eit objekt som ein kopi

  1. Opna galleriet ved å trykkja på Galleristandardverktøylinja eller ved å velja Verktøy → Galleri.

  2. Vel eit tema.

  3. Vel eit objekt ved å trykkja på det éi gong.

  4. Dra objektet inn i dokumentet eller høgreklikk på det for å opna sprettoppmenyen og vel Set inn og Kopiar.

Setja inn eit objekt som ei lenkje

  1. Opna galleriet ved å trykkja på symbolet Galleristandardverktøylinja eller ved å velja Verktøy → Galleri.

  2. Vel eit tema.

  3. Vel eit objekt ved å trykkja på det éi gong.

  4. Dra objektet inn i dokumentet medan du held nede tastane Shift og , eller høgreklikk for å opna sprettoppmenyen og vel der Set inn og Lenkje.

Setja inn eit objekt som eit bakgrunnsbilete

  1. Opna galleriet ved å trykkja på Galleristandardverktøylinja eller ved å velja Verktøy → Galleri.

  2. Vel eit tema.

  3. Merk eit objekt ved å trykka éin gong på det.

  4. Opna sprettoppmenyen og vel Set inn → Bakgrunn → Side eller Avsnitt.

Setja inn eit objekt som ein tekstur (eit mønster) for eit anna objekt

  1. Opna galleriet ved å trykkja på Galleristandardverktøylinja eller ved å velja Verktøy → Galleri.

  2. Vel eit tema.

  3. Merk eit objekt ved å trykka éin gong på det.

  4. Dra objektet oppå det andre objektet i dokumentet medan du held nede .

Støtt oss!