Bruka verktøylinjer

Nokre knappar på verktøylinja, for eksempel knappen Skriftfarge, kan opna ei anna verktøylinje. Trykk på pila ved sida av knappen for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire knappar.

Du kan nå velja anten å klikka på knappen du vil slå på, eller ta tak i tittellinja på verktøylinja og dra medan du held nede museknappen.

Verktøylinjer i samanheng

Nokre verktøylinjer vert opna automatisk, avhengig av samanhengen. Når du for eksempel plasserer musepeikaren i ein tabell i eit tekstdokument, vert verktøylinja «Tabell» opna. Når du plasserer musepeikaren i eit nummerert avsnitt, vert verktøylinja «Punkt og nummerering» opna.

Åtvaringsikon

Verktøylinjene er som standard gøymde nårNotisblokklinja er aktiv.


Mellombels lukking av ei verktøylinje

Trykk på ikonet i tittellinja til verktøylinja eller vel Lukk verktøylinja i sprettoppmenyen. Verktøylinja vert automatisk vist på nytt neste gong den same samanhangen vert aktivert igjen.

Lukka e verktøylinje permanent

Når verktøylinja er synleg, vel Vis → Verktøylinjer og klikk på namnet til verktøylinja for å fjerna markeringa for denne.

Visa ei lukka verktøylinje

Gjera ei verktøylinje til ei flytande verktøylinje

Slik festar du ei flytande verktøylinje

Merknadsikon

Å festa verktøylinjer og vindauge ved å bruka dra og slepp er avhengig av kva innstillingar systemet er sett opp med for vindaugehandsaming. Du må sjå etter at systemet viser innhaldet i vindauget under flytting, i staden for berre å visa den ytre ramma.


Støtt oss!