Søkja etter eigenskapar

Søk etter eigenskapar i tekstdokumenter er tilgjengeleg i dialogvindauget «Søk og byt ut».

Du kan søkja etter tekst med tilpassa attributt ved hjelp av direkte formatering eller stilar. Viss du for eksempel søkjer etter attributtet Skrift, vil du finna alle førekomstar av tekst som brukar ei anna skrift enn standardskrifttypen. All tekst som har ein direkte koda tekstattributt og all tekst der ein stil endrar skriftattributta vert funnen.

tip

Viss du vil søkja etter tekst med in namngjeve skrift, trykkjer du på Format i dialogvindauget Søk og byt ut i LibreOffice Writer.


note

Etter at du har vald kva eigenskapar du vil søkja etter, endrar Søk etter stilar-boksen i området Val i LibreOffice Writer-dialogvindauget Søk og byt ut seg til Ta med stilar.


note

Viss du vil søkja etter tekst med eigenskapar frå direkte formatering og stilar, må du kryssa av Ta med stilar.


note

Søkjekriterium for eigenskapar er lista nedføre Søk etter-feltet.


Søkja på alle skriftendringar

  1. Vel Rediger → Søk og byt ut.

  2. Tøm tekstboksen Søk om nødvendig.

  3. Trykk på Eigenskapar.

  4. Merk av for boksen Skrift i dialogvindauget Eigenskapar og trykk på OK.

    I dialogvindauget Søk og byt ut vil du sjå at «Skrift» kjem fram under tekstfeltet Søk etter.

  5. Trykk på Finn neste.

Alle stadene der ei skriftendring er brukt, anten direkte eller ved hjelp av ein stil, vert nå funne.

Tilbakestilla «Søk og byt ut»-tilstanden.

Viss du vil slutta å bruka søk etter dei gjeldande eigenskapane, kan du stilla dialogvindauget Søk og byt ut tilbake til normal tilstand.

Dialogvindauget Søk og byt ut

Støtt oss!