LibreOffice 25.2 Hjelp
Trykk på knappen for filternavigering på filterlinja dersom du vil knyta saman fleire filtreringsvilkår med ELLER. Då kjem vindauget Filternavigering fram.
Filtervilkåra som er sette vert viste i filteravigatoren. Så snart eit filter er sett, kjem det opp eit blankt innskrivingsfelt for filteret nedst i filternavigatoren . Du kan velja dette feltet ved å trykkja på ordet «Eller». Når dette er gjort, kan du skriva inn tilleggsvilkår for filteret i feltet. Desse vilkåra vert lenkja med logisk ELLER til dei tidlegare definerte vilkåra.
Du kan opna sprettoppmenyen for kvar oppføring i filternavigatoren. Her kan du redigera filtervilkåra direkte som tekst. Vil du kontrollera om eit felt har innhald eller ikkje har innhald, kan du merkja filtervilkåra «empty» (SQL:"Is Null") eller «not empty» (SQL: "Is not Null"). Du kan også sletta oppføringa ved hjelp av oppsprettmenyen.
Du kan flytta filtreringsvilkåra Filterstruktur ved å bruka dra og slepp eller med tastane + Alt + Pil opp eller + Alt + Pil ned. Du kan kopiera filtreringsvilkår ved å dra dei medan du held inne .